Etiske retningslinjer i Radøy FK
I Radøy FK skal idrettsglede vere for alle. Klubben vår skal være trygg å være del av, og me har alle eit felles ansvar for å sikre dette. Dette kan me kun få til om me er open og ærleg og kommuniserar godt.
Radøy FK har nulltoleranse for mobbing, diskriminering, trakassering og vald/overgrep. Som Fair play klubb seier me nei til juks, og kampfiksing.
Våre fire kjerneverdiar – samhald, respekt, mot og utvikling – skal visast gjennom alt vi gjer, både på og utanfor bana. Desse retningslinjene gjeld for alle utøvarar, trenarar, styremedlemmer, føresette og frivillige.
1. Samhald – Vi vinn og taper saman
Samhald betyd at vi tek vare på kvarandre og byggjer eit trygt og inkluderande miljø.
Inkludering: Vi ønskjer alle velkomne, uavhengig av bakgrunn, ferdigheiter, kjønn eller økonomi. Ingen skal stå åleine.
Felles ansvar: Vi snakkar kvarandre opp og støttar lagkameratar både i motgang og medgang.
Klubbkjensle: Vi stiller opp for klubben, deltek på dugnad og bidreg positivt til fellesskapet.
2. Respekt – Vi møter alle med eit ope sinn
Respekt handlar om korleis vi oppfører oss mot kvarandre, motstandarar og dommarar.
Fair Play: Vi føl reglane, spelar skikkeleg, og takkar alltid motstandarar, dommarar og trenarar for kampen.
Nulltoleranse: Vi aksepterer ikkje mobbing, rasisme, hets, filming eller stygt språk.
Dommarfokus: Dommarane gjer sitt beste. Vi kritiserer ikkje dommaravgjerder, verken som utøvarar, trenarar eller tilskodarar.
3. Mot – Vi tør å prøve og vi tør å seie ifrå
Mot handlar om å utfordre seg sjølv og stå opp for det som er rett.
Tore å feile: Vi heiar på dei som prøver på noko vanskeleg, og vi veit at feil er ein del av det å lære.
Snu ryggen til urett: Vi har mot til å seie ifrå dersom nokon blir haldt utanfor, eller viss nokon bryt klubbens verdiar.
Vera eit førebilete: Vi tør å gå føre som eit godt døme, sjølv når det er krevjande.
4. Utvikling – Prosessen er viktigare enn resultatet
Som breiddeklubb set vi personleg og sportsleg utvikling i fokus føre kortsiktige resultat.
Meistring føre resultat: Vi feirar god innsats, godt samarbeid og individuell framgong, ikkje berre sigrar.
Læringsvilje: Vi møter førebudde til trening, gjer vårt beste og er opne for å lære nye ting.
Plass til alle: Trenarane skal leggje til rette for at alle får utfordringar på sitt nivå, og at alle opplever meistring og spletid.
Særskilde roller og ansvar
For trenarar og leiarar:
Du er klubbens ansikt utad og det viktigaste førebiletet for barna.
· Du gjev gode, og konstruktive tilbakemeldingar til spelarane.
· Du skal sjå alle utøvarane på laget, ikkje berre dei beste.
· Du skal aldri bruke alkohol eller rusmidlar i samanheng med aktivitetar der barn og unge er til stades.
· Du fordømmer usportsleg og nedlatande åtferd
· Du viser nulltoleranse for eikvar form for diskriminering, trakassering og overgrep
· Du påser at du ikkje misbrukar makt og autoritet
For føresette og supporterar:
· Hugs at det er barna som spelar, ikkje du. Fair Play gjeld og på sidelinja!
· Gi positiv oppmuntring til alle spelarane på bana, ikkje berre ditt eige barn.
· Du respekter trenarens disposisjonar og dommarens avgjerder
· Du tek det direkte opp med trenare/støtteapparat om du har spørsmål, eller noko skulle oppstå
· Du snakkar med barnet ditt om korleis ein skal oppføre seg på trening og i kamp
· Du bidreg der du kan, t.d ved dugnadar eller andre inntektsbringjande tiltak i klubben.
For spelarar
· Du gjer ditt beste, og tek imot beskjedar på trening og i kamp
· Du viser respekt og snakkar fint til andre utøvarar, trenarar og foreldre. Viss ein ikkje kan seie noko fint, skal ein teie still.
· Du er bevisst at yngre utøvarar ser opp til deg og tek etter deg. For å ha eit godt miljø i klubben, er det viktig at du lærer bort gode haldningar
· Du tek avstand for mobbing, vald og rasisme.
· Du tek avstand frå rusmidler og doping
Brot på retningslinjene
Dersom nokon bryt desse retningslinjene, skal saka undersøkjast, og handterast raskt og rettferdig av trenar, lagleiar eller klubbens styre. Målet er alltid å rettleie og finne gode løysingar. Alvorlege eller gjentakande brot kan føre til sanksjonar (som t.d åtvaring eller mellombels utestenging).
Alle har ansvar for å gripe inn, og varsle brot på retningslinjene. Styret har hovudansvar for at retningslinjene vert gjort kjent for, og fulgt av medlemmane.
Retningslinjene ligg lett tilgjengeleg på klubben si heimeside
Seksuelle overgrep er brudd på Straffeloven (kap.26), og skal meldast til, og etterforskes av politiet iflg beredskapsplanen