Manger cup 2026
Rollebeskriving for Fiks-ansvaleg
FIKS er fotballens informasjons- og kommunikasjonssystem og blir brukt til registrering, kontroll, statistikk og historikk for alt som har med fotball å gjere. Alle klubbar skal ha minst éin (maksimalt tre) FIKS-ansvarleg som fungerer som klubbens brukaradministrator.
Hovudoppgåver
- Forankring – sørgje for at klubbens leiing til ei kvar tid kjenner til alle påkrevde FIKS‑oppgåver.
- Brukaradministrasjon – sørgje for at klubben til ei kvar tid har personar med nødvendige tilgangar til FIKS (klubbbrukarar).
- Brukaropplæring – sørgje for at personar med tilgang til FIKS har rett kompetanse til å utføre påkravde oppgåver. Dette skjer i samarbeid med NFF Hordaland.
- Har utvida tilgang til å endre opplysningar om mellom anna klubb og lag, samt endre kontaktpersonar.
- Melde på aktuelle lag til seriespel innan gjeldande fristar frå krets/forbund.
- Løpande registrere klubben sine nye og gamle spelarar som aktive eller inaktive. Hugs at spelarar som har slutta, må takast ut seinast 31. januar.
- Sjå til at alle spelarar er registrerte i FIKS med rette forsikringar og kontraktar.
Organisatorisk tilknyting
- Rapporterar til styreleiar.
Kvalifikasjonar
- Gjennomført brukaropplæring i FIKS.
Engasjementsperiode
- FIKS-ansvarleg vert vald for 2 år om gongen for å sikre kontinuitet.
- Rollen blir peika ut av styret etter direkte dialog med kandidatar.