[email protected]


Logo
Manger cup 2026

Attende

Foreldrevettreglar

Basert på foreldrevettreglane frå Norges Fotballforbund (NFF).

Custom image
  1. Møt opp på treningar og kampar. Barna set stor pris på at du er til stades.
  2. Gje oppmuntring til alle spelarane under kampen, ikkje berre ditt eige barn.
  3. Respekter trenaren, hjelpetrenaren og lagleiaren sine val og disponeringar. Ikkje prøv å påverke avgjerdene deira.
  4. Sjå på dommaren som ein rettleiar og viktig del av spelet. Respekter avgjerdene som blir tekne.
  5. Hjelp barnet ditt til å handtere både siger og tap på ein god måte.
  6. Oppmuntre barnet til å delta og ha det kjekt, men unngå å leggje unødig press på det.
  7. Spør gjerne om kampen var spennande og morosam, ikkje berre om resultatet. Lat barnet få fortelje om eigne opplevingar og inntrykk.
  8. Har du innspel til klubben, trenerar eller sportsleg opplegg, set vi pris på at du deler dei med styret eller sportsleg ansvarleg. Slik kan vi utvikle oss og bli betre.
  9. Sørg for at barnet har fornuftig og føremålstenleg utstyr. Det viktigaste er trivsel og speleglede.
  10. Vis respekt for arbeidet som blir lagt ned i klubben. Klubben er avhengig av engasjerte foreldre og frivillige.
  11. Hugs at det er barnet ditt som spelar fotball, ikkje du.
  12. Ver eit godt førebilete. Som forelder er du, på same måte som trenarar, lagleiarar og andre frivillige, med på å forme miljøet rundt barna.
  13. Ikkje snakk ned trenarar og lag ovanfor barnet.
Custom image