Inkluderingsfond
Inkluderingsfondet skal bidra til at barn og unge kan delta i aktivitetar i Radøy FK uavhengig av familien sin økonomiske situasjon. Fondet skal redusera økonomiske barrierar og styrkje klubben sitt arbeid med inkludering, fellesskap og like moglegheiter.
Kva fondet kan støtte
· Medlemskontingent
· Treningsavgift
· Deltakaravgift ved cupar og turneringar
· Spelarutstyr når dette er nødvendig for deltaking
· Reisekostnader knytt til klubbaktivitetar
· Andre særlege kostnader som hindrar deltaking
Kven kan søkje
· Medlemmer og familiar med behov for økonomisk støtte
· Trenarar, lagleiarar eller klubbrepresentantar kan, etter samtykke frå føresette, søkje på vegne av ein spelar
Les meir om inkluderingsfondet her
In english: download