Manger cup 2026
Instruks for kiosken – Hordabø
🔑 Nøklar
- Nøkkelen til kiosken ligg i nøkkelboksen på veggen ved inngangen til kiosken.
- Koden til nøkkelboksen får du av Renate.
- Send SMS til 938 35 047.
💰 Pengeskrin
- Pengeskrinet finn du under benken i kiosken.
🧇 Oppgåver ved sal i kiosken
Før kiosken opnar
- Tel opp vekselpengane. Det skal vere 1 000 kr i kontantar i kassa.
- Lag vaflar.
- Kok kaffi og fyll på kaffikannene.
- Kok opp vatn i vasskokaren og fyll på kanner merkte «Vatn». Vatnet skal brukast til kakao og nudlar.
- Set ut søppelspann.
Sal og betaling
- Pølser blir berre selde ved miniturneringar.
- Kundane kan betale med Vipps eller kontantar.
- Ved Vipps-betaling må du alltid kontrollere at betalinga faktisk er gjennomført før kunden forlèt kiosken.Sjå informasjon om korleis du kontrollerer Vipps-betaling
- Bankterminalen er Hordabø IL si terminal og skal ikkje brukast.
- Prisliste heng i kiosken.
🧹 Oppgåver før du forlèt kiosken
💰 Kasseoppgjer
- Gjer opp kassa og før oppgjeret i eige kasseoppgjer-skjema.
- Skjemaet ligg i eller ved pengeskrinet.
- Skjemaet ligg i den svarte permen merka «Radøy FK / kiosk Bø».
- Legg konvolutten med omsetninga og det utfylte skjemaet tilbake i pengeskrinet.
🧼 Rydding og vasking
- Vask og rydd kiosken.
- Tøm søppelspanna og kast bosset i containeren.
- Mopp golvet.Mopp og vaskeutstyr finn du under vasken.Moppen heng på veggen.
- Mopp og vaskeutstyr finn du under vasken.
- Moppen heng på veggen.
- Legg brukte klutar i vaskebøtta.
- Ta inn søppelspanna når kiosken er stengd.
🗑️ Container og nøklar
- Nøkkelen til containeren finn du i nøkkelskrinet.
- Containeren står ved hallen, ved kjøkkendelen.
- Legg nøkkelen tilbake i nøkkelskrinet etter bruk.
- Legg kiosk-nøkkelen tilbake i nøkkelboksen.
⚡ Dersom straumen går
- Sikringsskapet finn du i garderoben i kioskbygget.
- Kodelåsen har kode 2045.
📞 Kontakt ved spørsmål eller feil
Dersom det er feil, noko manglar, eller du har spørsmål, ta kontakt med:
- Lill Veronica: 405 52 496
- Renate: 937 25 047