Manger cup 2026
Instruks for kiosken på Manger
🔑 Nøklar
- Nøkkelen til kiosken hentar du på YX på Manger.
- Når du er ferdig, må nøkkelen leverast tilbake på YX.
💰 Pengeskrin
- Pengeskrinet ligg i eit låst skap under benken/disken.
- Nøkkelen til skapet er på nøkkelknippet du fekk på YX.
🛒 Oppgåver ved sal i kiosken
Før kiosken opnar
- Tel opp vekselpengane. Det skal vere 1 000 kr i kontantar i kassen.
- Lag vaflar.
- Kok kaffi og fyll på kanner.
- Kok opp vatn i vasskokaren og fyll kanner som er merkte «vatn». Dette vatnet blir brukt til kakao og nudlar.
- Set ut søppelspann.
Ved sal
- Pølser blir berre selde ved miniturneringar.
- Kundane kan betale med Vipps eller kontantar.
- Ved Vipps-betaling: Sjekk alltid at betalinga faktisk er gjennomført før kunden forlèt kiosken.Sjå Vipps-informasjon om korleis du sjekkar betalingVipps-informasjonKontroll av betaling
- Det heng prisliste i kiosken.
🧹 Før du forlèt kiosken
Gå gjennom denne sjekklista før du låser og går:
💰 Kasse og pengar
- Gjer opp kassen.
- Før opp oppgjeret i eige skjema.
- Skjemaet ligg i pengeskapet.
- Legg konvolutten med omsetninga og skjemaet i pengeskapet.
- Lås inn konvolutten og pengeskrinet i pengeskapet.
🧼 Rydding og reinhald
- Vask og rydd kiosken.
- Sjekk at toalettet og gangen ser ryddige og greie ut.
- Fyll på toalettpapir og tørkepapir ved behov.
- Tøm boss og kast det i containeren.
- Ta inn alle søppelspann.
🔑 Før du går
- Lås kiosken.
- Hugs å levere tilbake nøkkelen på YX.
NB! YX stenger kl. 22:00.