Kontingent og treningsavgifter
- Spelar 6 – 12 år: kr 850,-
- Spelar 13 – 19 år: kr 1150,-
- Spelar over 20 år: kr 2250,-
- Føresette medlemmer kr.400 ,-
- Trenarar, lagleiarar, dommarar, styremedlemmer og andre tillitsvalde kr. 200,-
- Støttemedlemmar: kr 400,-
Spelar må vera medlem av klubb underlagt NFF og betala den årsfesta kontingenten for å ha lov til å spela kampar. Spelar er då forsikra i trening og kamp.
Kontingenten vert fastsett årleg av årsmøtet. Reglementet elles rundt medlemskap er regulert av Lovar/Vedtekter for Radøy Fotballklubb, av 23. oktober 2019
Medlemskap for spelar teikna etter 1.august kvart år utløyser halv kontingent. Medlemmar som ikkje er utmeldt når kontingenten blir sendt ut i mars-april, får tilsendt betalingskrav.
Medlemmer over 15 år har stemmerett på årsmøtet og kan gjera seg disponible for tillitsverv i styret og nemnder. Føresett må ha eige medlemskap for å ha desse rettane, samt tilgang til godar som til dømes klubbrabatt hos utstyrsleverandør.
Klubben oppmodar alle føresette om å teikne medlemskap. Ein stor og aktiv medlemsmasse gjev gode levekår for klubben, gjer oss attraktive på sponsormarknaden og kan utløyse ekstra tilskot frå det offentlege eller organisasjonar.
Utmeldingar skjer via e-post til [email protected]