Kvalitetsklubbansvarleg
Formål
Hensikta med denne rolla er å sikra Radøy FK sitt fokus og kvaliteten på dei grunnleggjande oppgåvene som ligg i konseptet kvalitetsklubb. Når ein skal etablera nye malar, planar og jobba med utviklingsprosessar over tid, samstundes som ein skal drifta aktiviteten i klubben, krev det at nokon held overordna oversikt. Som kvalitetsklubb gjeld nye rutinar for oppfølging, og klubben skal etterleve dei nye malane, planane og drive aktiviteten med kvalitet. Kvalitetsklubbansvarleg har det overordna ansvaret for konseptet, og følgjer opp og kommuniserer det til klubbens aktive, medlemmar og frivillige.
Hovudoppgåver
· Vere klubbens kvalitetssikrar og kontaktperson mot NFF Hordaland.
· Sikra at kvalitetsklubbsystemet set ein standard for trenar-, leiar- og verdiarbeid i klubben.
· Vere pådrivar for å tydeleggjera, bevisstgjera og konkretisera kva NFF legg i god kvalitet i klubbens planverk og praksis.
· Tileigne seg og halda ved like inngåande kunnskap om kvalitetsklubbkonseptet.
· Følgje opp dei standardane som er sette i systemet når det gjeld implementering og etterleving av klubbens kvalitetsarbeid i praksis.
· Følgje opp og utbetre eventuelle avvik frå kriteriesettet for kvalitetsklubbar.
· Setje kvalitetsklubbkonseptet på agendaen i styret slik at retningslinjene blir etterlevde.
· Ansvar for årlege statusgjennomgangar for Kvalitetsklubb.
· Gjennomføra inntil to møter i året der Kvalitetsklubb er tema.
Organisatorisk tilknyting
· Styrerepresentant.
Kvalifikasjonar
· Leiarkurs 1 i regi av NFF.
· God kjennskap til NFF sitt kvalitetsklubbkonsept. Det er ynskjeleg med erfaring frå anna kvalitetsarbeid.
Engasjementsperiode
· Kvalitetsklubbansvarleg sit i 2 år om gongen for å sikre kontinuitet.
· Rolla blir peika ut av styret etter direkte dialog med kandidatar.