Manger cup 2026
Rollebeskriving - Lagleiar
Lagleiaren har ansvar for dei administrative og organisatoriske oppgåvene rundt laget, og skal vere eit bindeledd mellom spelarar, føresette, trenarar og klubb. Rollen skal bidra til at den daglege drifta av laget fungerer godt og at trenarane kan konsentrere seg om det sportslege arbeidet.
Ansvarsområde:
- Vere kontaktperson mellom laget og klubben.
- Koordinere informasjon til spelarar og føresette.
- Administrere kommunikasjon i Spond.
- Organisere kampoppsett, cupar og reiser i samarbeid med trenarane.
- Følgje opp materiell, drakter og anna utstyr.
- Koordinere dugnader, kampvertordning og andre praktiske oppgåver.
- Bidra til eit godt sosialt miljø og fremje Fair Play-verdiane i laget.
Mål for rolla: Lagleiaren skal sørgje for god organisering og kommunikasjon rundt laget, slik at spelarar, trenarar og føresette får ei positiv og trygg fotballoppleving