[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Serieturnering 1-3 klasse

Forfatter: Konrad Risnes

14. april 2024

Forside
News article image

83 lag frå Nordhordland har da spelt 125 kamper i årets første serietrunering.

Fleire hundre spelara i 1-3 klasse med foreldre, besteforeldre, tanter og onkler har i dag vore på Bø i den første serietruneringa denne sesongen.

Vaffel pressa, kaffi, brus, hot dog og frukt har gått på høggir i hele dag.

Mange mål og mange trøtte bein vart det men alle hadde det kjempekjekt både på bana og i vaffelkø.

Custom image
Custom image


22 Dommara frå 11 år har vore i aksjon og gjort ein kjempeflott insats.

Custom image

Å gjennomføra ei så stor turnering på ein dag krev att man har organisert det godt på forhånd og att man har med seg ein god gjeng med dugnadsfolk på planlegging, tilrigging, gjennomføring og nedrigging..

Her trengs alt frå parkeringsvakter til personer som berre går rundt og ser att det går greit for seg.

Custom image


Ein stor takk til alle som var med å bidra til att dette vart ein fin fotballdag for ungane


Bilder: Radøy fotballklubb og Hordabø idrettslag.