[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Lukkelege radværingar

Forfatter: Konrad Risnes

22. oktober 2022

Forside
News article image

Så var endeleg Radøy FK sitt A-lag for menn tilbake i 4. divisjon etter 0-3 borte mot Valestrand Hjellvik fredag. Laget vart løfta fram av eit engasjert bortepublikum som til og med overgjekk det berømte heimepublikummet til ostringane.

Dette var ein kamp prega av ein god del duellar. Radøy var kanskje også litt prega av alvoret i denne kampen, sidan det stod om opprykk til 4. divisjon. Med tap fredag hadde siste seriekamp heime mot Austrheim neste fredag vorte avgjerande for opprykk eller ikkje. No handlar siste seriekampen berre om kven som vinn denne pulja - Radøy eller Djerv - men sjølvsagt betyr det også ein god del å vinne over naboane i nord. Kampen går neste fredag i Austmarka.

Custom image


Her er link til kampen, må sjåat med LYD.

Veo | Valeatrand Hjellvik - Radøy 0-3.


Den store spelaren i denne kampen var Malik Jallo Jamboria. Han stod rett opp av sjukesenga fredag ettermiddag - sånn passeleg frisk - og regelrett herja med Valestrand-forsvaret. Ein skikkeleg balltjuv som pressa som ein konge. Han snappa først opp eit tilbakespel og sette ballen sikkert i nettet i det 18. minutt. Før det hadde Valestrand vore farleg frampå eit par gongar og stressa Radøy særleg på dødballar. Men også Radøy hadde sine store sjansar. 0-1 var pauseresultatet, men ingen radværingar kjende seg trygge.