[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Minneord

Forfatter: Konrad Risnes

26. september 2024

Forside
News article image

Forrige helg fekk me beskjed om att Magnar Fjeld var gått bort.

Minneord

Det var med stor sorg me forrige helg fekk høyra at Magnar Fjeld var gått bort.  Magnar'en hadde alltid eit smil på lur og ein kjapp replikk som fekk humøret opp hjå dei som møtte han.

Han vart tidleg engasjert i fotballen i Sæbø I.L, både som spelar og tillitsvald. I 1971 vart laget slått saman med Radøy I.L., og navnet vart Radøy/Sæbø I.L. Han vert nevnt som ei av eldsjelene i laget etter 1972.Som leiar i fotballgruppa 1973-76, som hjelpetrenar i 1975-76 og 1978 og som kaptein og aktiv spelar på B-laget.Magnar kunne snakka med alle. Eg har sett han mjuk og hensynfull når det har vore det rette. Men eg har og hørt han lesa folk teksten når det var nødvendig.

Eg fekk sjølv oppleva dette. I 1974 kom eg til Radøy. Då var eg nett ferdig med politiskulen og i god fysisk form, men fekk same hausten kreft.  Etter operasjon og strålebehandling var det ein temmelig nedfor og nedkjørt ung mann som kom heim.  Mange held seg vekke, og vågde nesten ikkje snakka til. Men då var Magnar der:
 - Du kjem på trening.  Me har bruk for deg. Du skal i alle fall ikkje sitja heima."   Og eg vart med. Eg vil påstå at den beste medisinen eg fekk i dei dagar var fellesskapet i laget, og treninga eg fekk vera med på. Magnar rekrutterte meg og som tillitsvald. Først 1976-78 i Radøy/Sæbø I.L., og så var eg tilbake som leiar i Radøy I.L. 1989 – 1993. I alle år var Magnar ein trufast støttespelar i klubben.


I 1991 sto grusbana i Austmarka ferdig og Magnar fekk Radøy I.L. sitt heidersteikn på opningsdagen. Han hadde dyktige folk med seg i byggjenemnda, men det er ikkje tvil om at han var den sterke pådrivaren. 110 personar la ned omlag 8400 dugnadstimar i dei to åra anleggsperioden varte. Sjølv hadde Magnar 769 dugnadstimar og det var meir enn dobbelt så mykje som den neste på lista.

Dugnadsgjengen brukte sterke ord når dei omtalte han Magnar.  "Me slapp aldri unna. Han fann oss uansett kor me var og spurde: 
- Kan du vera med på lørdag? Ikkje det, men kan du vera med i kveld då? Eller i morgon kveld då?  "Me slapp aldri unna", fortel dei med eit smil.

Magnar var og med å dra i gong messene på Sletta på 1980-talet. Eit tiltak som vart ei god inntektskjelde for laget. Typisk for Magnar har vore pågangsmotet og drivkrafta når han gjekk inn for noko. Han var aldri redd for å ta på seg ansvar. Av og til gjekk ting ikkje etter planen, og då var Magnar ofte den som kunne samla trådane og fullføra det som andre hadde begynt på.

Etter samanslåing av fotballaga på Radøy utover på 2000-talet vart Magnar og engasjert på trenarsida for desse laga. Dei som driv med aldersbestemte lag i klubben idag fortel også om ein engasjert og entusiastisk bestefar som fylgde barnebarna på fotballkampar heilt fram til sjukdomen sette ein stoppar for dette. 


I 2004 fekk Magnar Fjeld Radøy kommune sin kulturpris for sin innsats både for idrett og musikk i ein mannsalder. 

I over 50 år har altså Magnar Fjeld vore ei drivande kraft og eit førebilete for små og store på Radøy innanfor musikk og idrett. Me er mange som er djupt takknemlige.


Våre varmaste tankar går til Anne-Karin og øvrige familie.


Kvil i fred, Magnar. Du var heil ved.


Jostein Skråmestø tidlegare leiar i Radøy I.L.


Foto: Arne Årseth