[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Radøy tok poeng mot serieleiaren

Forfatter: Konrad Risnes

21. mai 2023

Forside
News article image

4. divisjonslaget til Radøy skjerpa seg mange hakk etter braktapet mot Askøy førre helg og tok poeng mot serieleiar Arna Bjørnar heime på Sletta søndag. Kampen enda 2-2.

Etter ein god første omgang kunne heimelaget gå til pause med 1- 0 etter eit flott angrep. Back Ingmar Hoen Tjore slo langpasning til Sander Rath som tok med seg ballen og la inn til spiss Inge Johan Hella. Radøy hadde fleire farlege sjansar i denne omgangen og Arna Bjørnar sleppte til med lite.
I andre omgang var Radøy pressa meir men held greitt unna. Alexander Stautland Valdersnes la på til 2-0 litt uti omgangen. Men kampen snudde totalt då dommaren gav Ritvars Rugins sitt andre gule kort for kvelden og Radøy var dermed nede i 10 mann. Kortet fekk Ruga for ein takling som vart gjort av en annan Radøy-spelar og skulle aldri ha vorte gjeve. Taklinga kom også rett etter at Sander Rath vart ishockeytakla i ryggen utover sidelinja utan at det vart blåst frispark. Dermed måtte Radøy kjempe med nebb og klør dei siste 20 minutta. Det held likevel nesten til siger, men Arna Bjørnar klarte å score to gongar mot dei ti Radøy-spelarane.

Litt surt var det å miste to poeng på denne måten på tampen, men dei nær 100 tilskodarane og heimelaget kunne glede seg over mykje bra spel og god underhaldning. Radøy sitt A-lag viste også at dei kan gje kamp til alle i denne gruppa med skikkeleg innsats og dersom spelarane er godt nok førbudde og er tilgjengelege.

Fototekst: Alexander Valdersnes skåra også i denne kampen og har no tre mål på fire kampar i serien.

Custom image

Også Radøy 2 tok poeng
Trass i skikkeleg mannefall vart det eitt poeng også på Radøy 2 etter kampen mot Åsane 3 laurdag. Kampen enda 2-2.

Fleire juniorspelarar steppa inn og fylte plassane til seniorspelarar som ikkje møtte opp til denne kampen. Ungdomane gjorde ein god jobb. Gutespelar Erland Sæbø debuterte også som utespelar i seniorfotball.

Det vart litt rot i starten av kampen og Åsane 3 skåra første målet etter berre 12 minutt. Magnus Sundsøy, som har slite ei stund med skadar, ser ut til å vere på veg tilbake og utlikna til 1-1- midt i omgangen. Men Åsane 3 tok leiinga igjen eit par minutt seinare.
I 2. omgang vart det meld om enorme sjansar for Radøy 2 som sløste. Men like før slutt utlikna Marcus Hermansen og sluttresultatet vart 2-2.