God sesongåpning av G15 i Austmarka!
Forfatter: Konrad Risnes
14. april 2024
G15 starta sesongen med 3 poeng i Austmarka
Radøy G15 sesongåpna med kamp lørdag 12.04 mot Djerv/Nordnes, dei vant 5-2 etter ein god kamp. Guttane fekk vist fram mykje av det dei har trent på i vinter, både med oppspel og mykje fint spel framover. Fleire gode langskudd avgjorde kampen med 4 forskjellige målskorarar.
Alt i alt ein godt gjennomført kamp, neste kamp er tirsdag 23.04 borte mot Varegg/Sandviken 2.
Djerv/Nordnes gjekk tidleg opp i 0-1 men Lukas Waldersnes Vågenes utlikna nokre minutt seinare på eit langskudd til 1-1 så la Christian Bautista og Markus Marøy Ervik på til 2-1 og 3-1 før Dejerv/Nordnes reduserte til 3-2 på straffe. Men Radøy var ikkje ferdig og Henrik Fanebust Lilletveit auka til 4-2 og tilslutt 5-2.
Tekst og bilete Hanne Løvås.