Radøy FK starta med trepoengar
Forfatter: Konrad Risnes
14. april 2023
Radøy FK sitt A-lag starta første kamp i 4. divisjon med tre poeng borte mot Norges Handelshøgskoles Idrettslag fredag.
Kampen starta imidlertid trått for radværingane. Med skuldrene langt over øyrene virka laget noko prega av debuten i den nye divisjonen. Heimelaget hadde ballen mest dei første 25 minuttane og kom til fleire farlege sjansar og ei rekke hjørnespark. Dei fekk slå ballar nokså upressa og Radøy stressa. Eit upressa innlegg frå kant vart heada inn til 1-0 i det 26. minutt. Berre to minutt seinare auka NHHI til 2-0 på ein retur frå keeper etter eit frispark.
Men Radøy gav aldri opp og kom seg høgare opp i bana. Alexander Stautland Valdersnes trekte fram sin spesialitet - avsluting frå over 20 meter i banan over keeper og i mål. Dette tente radveringane skikkeleg og gjestane var farleg frampå fleire gongar mot slutten av omgangen. Men også NHHI var nære på eit par gongar, særleg på kontringar.
I andre omgang kom Radøy ut som eit nytt lag og viste seg skikkeleg kampklare. Radøy var det klart beste laget i denne omgangen. Den nye Radøy-spelaren Ritvars Rugins frå Latvia debuterte for Radøy i 2. omgang. Han har tidlegare ei rekke landskampar for heimlandet. Han har bak seg ei 14 år lang proffkariere og vil nok tilføre det unge Radøy-laget mykje erfaring og kompetanse utover sesongen. I det 56. minutt kom Ingmar Hoen Tjore framover frå backposisjonen og sette ballen i mål frå over 20 meter med venstrefoten - ikkje så ulikt målet til Alexander. Radøy held fram kjempinga og Sander Rath fekk kriga ballen i mål til 2-3 fem minutt før full tid. NHHI var også nære på nokre gongar og mot slutten vart det veldig spennande. Men Radøy klarte å halde ballen ute av målet og kunne ta med seg heim viktige tre poeng i sesongopninga.
Tekst og Bilete Jon Halstein Tjore.