MEDLEMSKONTINGENT 2021
Forfatter: Arne Askeland
22. april 2021
Medlemskontingent er no sendt ut til alle medlemar og ressurspersonar i klubben.
Betalingsfrist er 14 dagar og vi ber alle om å betale innan fristen. Medlemskontingenten er ein av dei største inntektskjeldene til klubben og det betyr mykje at alle betalar innan fristen.
Er det feil på faktura, eller nokon treng utsatt, eller oppdeling av beløp, så kontaktar de klubben og vi finn ei løysing på det.
Kontingenten gjeld og som forsikring og det er derfor viktig å betale.
Covid 19 gjer at vi alle er i ein spesiell situasjon og nokre lag har meir aktivitet enn andre og nokon spør seg kanskje om det er riktig at dei skal betale for noko som ein ikkje er 100% med på.
Vi har medlemskontingent som er veldig låg i forhold til andre klubbar vi kan samanligne oss med. Vi har ikkje innført treningsavgift, som veldig mange klubbar har i tillegg til kontingent, fordi vi ønskjer at det ikkje skal vera for dyrt å delta i aktivitet i klubben.
Medlemskontingenten er også viktig ovanfor kommunen og forbund, fordi antal betalte medlemar, utløyser støtte til aktivitet frå dei og derfor er det viktig at alle støttar klubben og betalar kontingenten.
Så ser vi fram til ein kvardag uten corona, der vi kan reisa og spela kampar og delta på cup, kvar det måtte vera.