Endeleg tre poeng til Radøy 2
Forfatter: Konrad Risnes
05. juni 2022
6. divisjonslaget fekk endeleg ein trepoengar etter ein tung start på sesongen. Kampen søndag enda 3-1 heime på Sletta mot Loddefjord 2.
Lån av Sander Rath frå 5. div. laget var ein suksess og han laga like godt hattrick og skåra alle måla til heimelaget.
Radøy leia 2-0 heilt til Loddefjord fekk ei redusering sekund før pausen. I andre omgang vart det ei nettkjenning til for heimelaget.
Loddefjord har mange gode spelarar og hadde det meste av banespelet - særleg utover kampen. Men Radøy sine raske spelarar på topp - Sander, Malik Jallo Jamboria og Samuel Njøten var ekstremt farlege på kontringane. Det var nærmast eit under at det ikkje vart fleire skåringar til heimelaget.
Resten av laget kjempa godt og held Loddefjord unna nettmaskene. Ein annan lånespelar frå 5. div. laget, keeper Lars Olav Jøsendal, rydda sikkert opp i feltet då Loddefjord fekk ei rekke hjørnespark og frispark. 6. divisjonslaget har levert bra i fleire kampar, men kreftene har ofte teke slutt siste halvtimen og så har det vorte mange baklengsmål.
Søndag held dei imidlertid betre og kunne dermed inkassere første trepoengar i vår.
Takk til banemannskapa for ei flott grasbane. Og kjekt at det også kom bra med tilskodarar på kampen.