[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Solid av A-laget

Forfatter: Konrad Risnes

20. mai 2022

Forside
News article image

A-laget for menn leverte ein solid kamp på Hordabø med 3-1 mot Bønes fredag 20. mai. Laget toppar dermed framleis 5. divisjon.

Radøy var det beste laget gjennom heile kampen, men Bønes hadde farlege kontringar med raske kantspelarar. Trass i overtaket var det Bønes som skåra første målet på ei heading etter corner halvvegs i 1. omgang. Men heimelaget let seg ikkje vippe av pinnen av baklengsmålet og held fram med å male på. I det 38. minutt slo unge Gjermund Namtvedt eit flott innlegg inn i feltet som Morten Helland heada over keeper og i mål. Nokre minutt seinare spelte Ingmar Hoen Tjore Sander Rath gjennom - og lynvingen sette ballen i mål åleine med Bønes-keeperen.


Custom image

I andre omgang held Radøy fram med trøkket og hadde om mogleg enno meir kontroll på kampen. Men Bønes hadde lagt seg litt lågare så Radøy sleit litt med å spele seg heilt gjennom. Det vart likevel fleire store sjansar til heimelaget. I det 75. minutt skåra Chris Lunde eit fantastisk mål frå kanten av 16. meter og over keeper. Dermed enda kampen 3-1 i Radøy som held leiinga i denne 5. divisjonspulja.