[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Viktig siger for Radøy

Forfatter: Konrad Risnes

01. oktober 2022

Fotball
News article image

A-laget til Radøy for menn tok ein ekstremt viktig siger mot tabelleiar Djerv fredag kveld i Austmarka. Radøy ligg no berre to poeng bak serieleiaren med èin kamp mindre spelt.

Djerv starta kampen med å slå ei rekke langballar i den sterke medvinden. Dette førte til nokre halvsjansar. Men også Radøy var farleg frampå - ikkje minst då Sander Rath fekk sendt avstad ein kanonskot som Djerv-keeperen redda mesterleg. Men det var Djerv som tok leiinga i kampen etter ca. 8 minutt. Det kom på ein dødball. Gjestane var farlege på dødball både i denne kampen og i kampen i vår. Innlegget kom frå like over midtbana og ein Djerv-spelar sette ballen forbi Radøy-keeperen, 0-1. Radøy gjorde også nokre enkle feilpasningar i første omgang som førte til farlege sjansar.

Radøy hadde mykje av banespelet, men i starten av andre omgang fekk Djerv ei rekke hjørnespark og frispark etter kvarandre. Radøy vart spelt låge i denne perioden og Djerv var farleg frampå eit par gonger. Men utover i omgangen tok radværingane over meir og meir. Det enda med eit frispark utanfor hjørnet av 16-meteren som Magnus Sundsøy sette rett i mål ca. 25 minutt før slutt. Kvarteret før slutt vart Malik Jamboria spelt gjennom åleine med keeper og sette ballen sikkert i mål. Djerv klarte aldri å utfordre heimelaget alvorleg på slutten av kampen og dei tre poenga enda heime på Radøy.