Tre nye poeng på Bø
Forfatter: Vegard Solsletten
10. mai 2022
I ein tett og jamn kamp på Bø tysdag kveld, med spenning heilt til slutt, var det Radøy sitt juniorlag som tok alle tre poenga.
Det var bortelaget Kjøkkelvik/Olsvik1 som kom best i gang og tok leiinga, før heimelaget og fekk uttelling framover, og kunne ta pause med leiing 3-1.
Ikkje lenge etter kvilen reduserte Kjøkkelvik/Olsvik1 til 3-2, og det var spenning igjen. Like før dommaren blas av kampen var Inge Johan Hella (bildet) frampå og sette sitt tredje mål for dagen, og kunne roe nervane både hjå heimepublikum og urolege trenarar på sidelinja.
Det er og verdt å nemne at to spelarar frå guttelaget til Radøy vikarierte som keeper for juniorlaget i denne kampen!
Juniorlaget har såleis sju poeng etter tre kampar.
(Foto: Johnny Saltnes)