Solid siger til A-laget
Forfatter: Konrad Risnes
08. juni 2024
Radøy sitt 5. Divisjonslag vann 6-2 heime på Bø mot Ny-Krohnborg fredag.
I ein noko varierande vårsesong kom dei tre poenga godt med. Radøy dominerte mesteparten av kampen og burde ha skåra fleire enn dei fire før pause. I tillegg slepte heimelaget inn to baklengs mot slutten av 1. omgang.
Første målet kom etter straffe som Ingmar Hoen Tjore sette sikkert i mål. Sander Rath var fleire gongar farleg frampå - og auka til 2-0 etter kvarteret. Alexander Stautland Valdersnes skåra så det tredje målet i kampen like før halvtimen. Gjestane spelte seg så gjennom Radøy-forsvaret - før Sander Rath sette inn sitt andre for kvelden. Mot slutten av omgangen fekk gjestane corner og mykje tyda på at heimelaget mentalt var på veg inn til pause, for to spelarar fekk stå heilt åleine og ein av dei kunne avslutte enkelt rett utanfor 16-meteren.
I andre omgang var det noko jamnare spelmessig, men gjestane skapte lite farleg. Radøy brende også i denne omgangen fleire 100-prosentsjansar. Men 20 minutt før slutt skåra Ingmar Hoen Tjore sitt andre for kvelden etter corner. Lagets yngstemann, Erland Soldal Sæbø (16), fastsette sluttresultatet til 6-2 på overtid.
Neste kamp blir tysdag i ballspark-cupen - borte mot Arna Bjørnar 2, og deretter seriekamp neste søndag borte mot Fyllingsdalen 2.