Knallsterk bortesiger
Forfatter: Vegard Solsletten
24. august 2022
Etter opprykket til 2. divisjon i vår tok juniorlaget turen til Norheimsund for den første kampen i haustsesongen.
I vårsesongen var Radøy sitt juniorlag seriemeister i si avdeling, og kunne juble for opprykk til 2. divisjon. Tysdag denne veka var det klart for første kamp i haustsesongen, på bortebane mot Norheimsund/Øystese.
Første omgang var jamn og tett med mykje duellar. På fem minutt mot slutten av omgangen klarte Radøy å sette inn to mål, og kunne med det gå til pause med tru på at ein kunne få med seg poeng frå kampen.
- Vi er litt heldig som leiar til pause. Det første målet kjem på eit gjennomløp etter litt klabb og babb. På det andre målet kjem spissen seg forbi tre mann og får sett ballen kontant i mål, seier trenar Arve Inge.
Den andre omgangen vart lik den første, men Radøy held unna og kunne innkassere sine tre første poeng.
- Vi har to solide målvakter, eit solid forsvar, ei sterk midtbane og spelarar på topp som er veldig bra, seier Arve Inge.
Neste kamp for juniorane er allereie tysdag neste veke, då dei tek imot Minde til heimekamp på Hordabø kunstgras.