[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Total kollaps for A-laget

Forfatter: Konrad Risnes

11. september 2023

Forside
News article image

Etter fire strake sigerar i haust kollapsa det fullstendig for A-laget mot serieleiar Askøy på laurdag. Stygge 0-13 vart sluttresultatet.

Sjukdom og skadar påverka nok prestasjonen noko - men normalt skulle ikkje det føre til eit slikt resultat. To tidlege skåringar såg ut til å knekke alt av sjølvtillit og vilje hjå heimelaget og resten av kampen var nok både ille for spelarane og publikum. Her gjeld det berre å gløyme og sjå framover til neste kamp som er borte mot Arna Bjørnar førstkomande fredag.

--------------------------

Drøymedebut for Isak
Isak Friis Thomassen (15) skåra heile fire mål i sin seniordebut med 6. divisjonslaget søndag på Bø. Han starta på benken og alle fire måla vart skåra då han kom inn i 2. omgang.

Radøy 2 vann kampen 4-3 mot Dale og har dermed lik poengsum som Dale på 3. plass, men Radøy har spelt to kampar mindre.

Første omgang enda 0-0, men med eit overtak for Radøy. Dale var farleg frampå med kontringar og dei hadde eit par raske og farlege spelarar på topp.

Men så kom altså denne talentfulle ungdommen innpå. Han sikra to kjappe skåringar fro Radøy tidleg i omgangen. Dale reduserte men Isak auka til 3-1 kort tid etterpå. Men så rota heimelaget det til og stillinga var 3-3 til eitt minutt på overtid. Då var Isak på nytt på farten og sikra 3 poeng til heimelaget.

Det var elles fleire debutantar i denne kampen. Alle gjorde ein fin figur. Theodor Rønn-Aar, vår nye keeper Sebastian Spurkeland Sannerud og Andreas Herland Olsen viste alle gode takter. Sindre Grindheim Bøe er- endeleg tilbake etter ein langvarig kneskade. Vår eigen brasse, Antonio Cardeol Trindade Neto, er tilbake på Radøy etter nokre år i Brasil. Han aukar åleine duellstryken i laget med mange prosent. Radøy hadde med seks juniorar og ein gutespelar i denne troppen. Det lovar godt for framtida.


Her ser me Isak i duell med VIFsin keeper under Norway Cup