[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Radøy toppar tabellen igjen

Forfatter: Konrad Risnes

03. juni 2022

Forside
News article image

Radøy sitt a-lag er på nytt tabelltopp etter ein sterk 5-2 siger mot topplaget Minde fredag kveld.

Radøy levete ein god 1. omgang og det stod 4-0 før Minde fekk ei redusering mot slutten av omgangen.

Målskårarar var Morten Helland (2), Sander Rath og Elvir Mellingen.

Custom image


Dei første 20 minuttane i 2. omgang gjekk Minde høgare ut, vann dei fleste duellane og Radøy byrja å stresse. Minde pressa, fekk ei ny redusering og Radøy hang litt i taua.

Men etter nokre rokkeringar snudde Radøy det og fekk betre kontroll. Heimelaget fekk så straffe som Elvir Mellingen sette sikkert i mål.

Deretter kontrollerte Radøy kampen til fløyta gjekk for siste gong. Det er tett i toppen i denne pulja, men etter denne runden er det altså Radøy som på nytt er i føringa. Det ventar no tre tøffe kampar før sommarkvilen - Tertnes 2 borte, Valestrand/Hjellvik heime og Austrheim borte.