[email protected]


Logo
Manger cup 2026

Radøy FK, NFF Kvalitetsklubb

Forfatter: Kvalitetsklubbutvalet

08. oktober 2026

Forside
News article image

Hurra!  I går fekk me melding frå NFF om at søknaden er godkjent, og at klubben vår endeleg er vorte NFF kvalitetsklubb. Les meir her!

I går fekk me melding frå NFF om at søknaden er godkjent, og at klubben vår endeleg er vorte NFF kvalitetsklubb 🥳🥳 Dette er stort, og må sjølvsagt feirast på skikkeleg vis. Me ventar på tilbakemelding frå kretsen når dei kan komme, og skal melde ut tid og stad til dykk så snart me veit. Håpar så mange som råd har lyst og anledning til å bli med på feiringa!

Me i utvalet har fått eindel spørsmål siste tida kva det eigentleg vil seie å bli kvalitetsklubb. Kvalitetsklubbprinsippet går forenkla sagt ut på å lage eit kvalitetssystem for all aktivitet i klubben, og som sjølvsagt er tilpassa akkurat vår klubb. No er mykje sett i system, og det mest av arbeidet kan de alt sjå på heimesida vår, som har gjennomgått nokså store endringar siste tida. Sida er framleis under utbetring, men det ligg allereie mykje nyttig informasjon tilgjengeleg her, som me håpar alle vil gå inn og sjå på ved anledning. Her har de t.d tilgong til Radøy FK si eiga Klubbhandbok, der ein kan finne det meste av informasjon om klubben samla i eit dokument. (Den nye sportsplanen er til høyring i trenargruppa før me håpar å kunne sende den til endeleg godkjenning hjå styret neste veke, før han vert publisert her)

Gratulerar alle saman! Me gler oss stort til å jobbe vidare med den fine klubben vår saman med alle dykk ⚽🎉

Beste helsing kvalitetsklubbutvalet