[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Keepertrener

Forfatter: Konrad Risnes

02. desember 2020

Forside
News article image

Radøy FK har fått Vitalij Artjomenko som spelande keepertrenar.

Keepere på fotballlag er ofte sjølvlærte, med lite trening som kun er for keepere.


No har me i Radøy FK fått Vitalij Artjomenko som spelande keepertrenar for heile klubben.

Å ha ein egen keepertrenar har vore etterspurt og savna av mange, no har me det og dette er eit tilbud me ser fram til og som me trur vil bety mykje for våre keepere.


Vitalij er ifrå Latvia men bur no på Radøy.

Som keeper har han spelt for profesjonelle klubber i latvia, Litauen og Kypros.


I Norge har han spelt i 3 og 4 div. for Hammerfest FK, Sandensjøen FK, Eiger FK, Mosjøen FK og Hif/stein Fk.

Vitalij har vore keepertrener i alle klubber for barn og i tillegg for A-lag i hif/Stein Fk.


Vitalij heldt no på med UEFA-B keepertrener kurs


Trenara for dei enkelte laga i klubben har sendt inn navn på spelara til styret, desse vil få tilbud om å delta på keepertrening.


Det blir delt inn 2 grupper:

1: 7-12 år

2: 13-17år


Vitalij vil starta opp så snart det blir tillatt mtp. covid19.

Å få på plass ei avtale om keepertrener var det Jon Halstein som tok initiativ til.


Dette blir bra.