Tre nye poeng til 5. divisjonslaget
Forfatter: Konrad Risnes
17. juni 2022
Radøy held tabelleinga etter 1-0 siger mot Valestrand Hjellvik på Bø fredag kveld.
Radøy toppar tabellen med 24 poeng - tre poeng meir enn Trane som har ein kamp mindre spelt.
Heimelaget var klart best første halvtimen og kunne fort ha skåra fleire mål. Sander Rath skåra sitt 11. mål i sesongen etter at han vart spelt fint fri av Preben Mongstgad Juvik i det 25. minutt. Men Valestrand var farleg frampå på dødball og kontringar. Siste kvarterer i første omgang kom ostringane meir med.
2. omgang var meir jamnspelt men også då med flest målsjansar til Radøy. Det vart litt hektisk innimellom men Radøy klarte å ro det heile greitt i land og sikra dei viktige tre poenga.
Trass i store mengder regn dei siste dagane klarte banemannskapa å gjere klar ei grasbane på Bø som etter forholda var svært bra. Takk til den jobben dei gjer både på Bø og Sletta for å sikre gode grasbaner på øya.
Biledtekst: Malik Jallo Jamboria og Morten Helland fekk barneklede hjå lagkompisane etter at Malik vart pappa før jul og Morten denne veka. Flott feiring av dei nye borgarane med 1-0-siger på Bø i kveld.
Tekst og bilete: Jon Halstein.