[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Herleg siger til A-laget

Forfatter: Konrad Risnes

08. oktober 2022

Forside
News article image

Med 1-0-sigeren mot Minde fredag kan Radøy sitt A-lag for menn sikre opprykk til 4. divisjon med siger i to av dei tre siste kampane. Radøy toppar no tabellen, eitt poeng framfor Djerv og to poeng framfor Minde. Men Minde har spelt ein kamp meir enn Radøy.

Det var svært nervøs stemning hjå begge lag i kampen på fredag då det stod mykje på spel. På ei smal bane på Paradis vart det mykje duellar og begge lag slo ein del langt i fare for at motstandaren skulle snappe ballen i farleg posisjon. Begge lag var også lynraskt oppi ballførar så det var nokså nervøst spel gjennom heile kampen. Det var eit par målsjansar til begge lang.

Kampen stod og vippa fram til det 83. minutt. Dennis Børsheim fanga då ballen, vende inn i bana og slo innlegg til Inge Johan Hella som lurte seg mellom stopparane til Minde fem-seks meter framfor mål. 18-åringen tok ballen kjapt ned og sette den over keeper i tverrleggjaren og i mål. Mot slutten vart det neglebiting både på Radøy-benken og blant ein stadig meir entusiastisk gjeng av Radøy-supportarar på tribuna, men det held altså heilt inn. Supportarane skal ha sin del av æra for at Radøy kriga denne sigeren i hamn. Det var nesten som å spele på heimebane.

Custom image


Radøy har no tre tøffe kampar i vente og må som sagt vinne to av dei for å sikre opprykk, dersom då ikkje Minde eller Djerv avgir poeng i sine siste kampar. Første Radøy-kampen går i Austmarka mot Tertnes 2 førstkomande fredag. Deretter blir det bortekamp mot Valestrand Hjellvik fredagen etter. Serieavslutning blir i Austmarka mot Austrheim siste fredagen i oktober.


Custom image

Hre kan de sjå kampen i opptak, om man spola fram til ca 87 miutt så ser ein målet. https://app.veo.co/matches/20221007-0-1-4422fb99/

FramsideFoto: Trond Gausemel Hordalandsfotball

Bilettekst 1: Det var ekstra god stemning i Radøy-garderoben etter denne sigeren.

Bilettekst 2: Inge Johan Hella skåra det einaste målet i kampen