Siger i ellevilt oppgjer for 2. laget
Forfatter: Konrad Risnes
07. mai 2023
Radøy 2 kunne reise heim med tre poeng frå dyst med tabelleiar Dale FK på søndag. Radøy låg under 3-2 fram til det 86. minutt men vann kampen 5-4.
Dale gjekk til denne kampen med 6 poeng i lomma og heile 10-0 i målskilnad etter sine to første kampar. Radøy takla godt strategien til heimelaget som i all hovudsak gjekk på lange ballar til fleire offensive spelarar. Det Radøy sleit med var ekstremt lange innkast mot Dale-spelarar som pakka rundt keeper og heimelaget skåra to av måla på den måten.
Men kvar gong Dale skåra svara Radøy med utlikning. Ein ny vri i siste del av kampen var å bruke Simon Morken som spiss. Han spelar normalt midtstoppar. Eksperimentet førte til hattrick for Simon, som også fylte 22 år denne dagen. Guten har nok ikkje spelt sin siste kamp på topp.
Det er utruleg kjekt å vinne slike kampar som er som ei berg og dalbane i glede og misnøye mot slutten av kampane - (og utruleg surt å tape). Men denne gongen gjekk det Radøy sin veg. Målskårarar forutan Simon sine tre, var Erik Grindheim - nydeleg spelt gjennom av Joakim Gaulen Vågstøl og Trym Ulvatn. Det er normalt alltid god stemning i denne spelargruppa og turen heim att var ekstra kjekk denne gongen.
Foto: Det vart hattrick på Simon Morken i sin debut som spiss på Radøy 2 på sjølvaste 22 årsdagen.