Ny siger for a-laget
Forfatter: Konrad Risnes
18. juni 2024
Radøy sitt a-lag for menn tok ein ny siger med 3-6 borte mot Fyllingsdalen søndag.
Det var mykje bra i deler av denne kampen og det kan sjå ut som at ein del ting fell på plass etter ein noko varierande vårsesong. Dei fleste spelarane er også tilgjengeleg no og Sander Rath er også i ferd med å finne målformen med to skåringar i denne kampen. To forsvarstabbar førte til to av skåringane til Fyllingsdalen 2 - som elles ikkje skapte så mykje farleg.
Radøy tok leiinga etter 17 minutt ved Inge Johan Hella. Kort tid etter utliknar Fyllingsdalen etter ein forsvarstabbe hjå Radøy. Inge Johan er litt seinare åleine med keeper og sentrar til Aleksander Valdersnes som kan setje ballen i det opne målet. Sindre Bøe vert spelt fri på omlag same måte litt før pause og Radøy kan gå i garderoben på stillinga 1-3.
Rett etter pause er Sander Rath på raid i kjend stil og aukar leiinga til 1-4. I det 70. minutt er Sander frampå igjen og vert teken av keeper. Ingmar Hoen Tjore set straffen sikkert i mål - 1-5. Deretter verkar det som Radøy senkar intensiteten eit hakk og Fyllingsdalen 2 tek meir over. Det fører til at heimelaget skårar i det 80. og det 90. minutt. Eitt av desse måla var eit merkeleg tilfelle der Radøy-forvaret ikke klarte å bestemme seg om kven som skulle klarere ballen. I staden vart det ein Fyllingsdal-spelar som skåra mål. På overtid skårar Sander sitt andre for dagen og dermed vart det siger 3-6 til Radøy.
Fredag møter Radøy Viggo heime på Bø-graset og det vert lokaloppgjer måndag 24. juni mot Kvernbit same stad.
Fototekst: Sander Rath har opna målkontoen med fleire skåringar i dei siste kampane - to på søndag mot Fyllingsdalen 2.