[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Trenarteamet for 4 div laget

Forfatter: Konrad Risnes

22. januar 2023

Forside
News article image

Ola går på sin 3 sesong som hovedtrenar

Ola går på sin 3 sesong som hovudtrenar for seniorherre laget vårt.

Den tida Ola har styrt roret har laget vore gjennom ein "normal" sesong etter korona nedstengning, og resultatet i den sesongen vart opprykk frå 5 til 4 div.

Ola sin klare (og klubbens) tankegang er å la ungdom i klubben få muligheten,

Nytt denne sesongen er att Ola får med seg Arild Mørk som assistent trenar.

Arild har dei siste sesongane vore assistent trenar i FK Fyllingsdalen.

Arild starta si trenargjerning i Sandviken som hovedtrener for samarbeidslaget Sandviken/Varegg G16 -G19 i 4 år før han gjekk vidare til Åsane og akademiet der han jobba med G16 og G19/U23 i sju år. Etter dette så var han Hovedtrenar for Åsane sitt damelag i 1 div i 2 sesonger.

Før han enda opp i FK Fyllingsdalen så var han hovedtrenar for Sandviken sitt herrelag i 3 div i 2 sesonger før han vart henta til FK Fyllingsdalen der han var assistent under Tom Mangersnes.

Arild er ein trenar med offensiv tankegang der man bruker ball og søker muligheter framover når man får rom.

Med seg får Ola og Arild eit støtteapparat som består av Oddvar Haukeland, Frank Arild Rath, Øyvind Skutle og Jon Halstein Tjore.