Uavgjort etter sjansesløseri
Forfatter: Konrad Risnes
12. september 2022
Radøy sitt a-lag for menn gjennomførte ein god bortekamp mot eit forsterka Bergen Nord 2 søndag, men måtte nøye seg med eitt poeng etter å ha sløst med sjansane.
Ikkje hadde vi hellet med oss heller og to stongskot vippa feil veg.
Det er tett i toppen i denne pulja og Radøy er framleis på skothald til opprykk sjølv etter fem tapte poeng på dei fire første haustkampane. Dette er i ei rimeleg jamn pulje der alle kan tape mot alle om ein ikkje er fullt skjerpa.
Radøy låg etter kampen i søndag på andre plass, fire poeng bak serieleiar Djerv. Men Minde hadde ein hengekamp mot Voss 2 som dei vann i kveld (12. september) og ligg med det eitt poeng framfor Radøy. Austrheim har også hatt ein god haustsesong og er nær ved å hente igjen tetpulja. Radøy skal imidlertid møte både Minde og Djerv i haust og har høve til å ta oppgjeret direkte då.
Søndag spelte Radøy svært god fotball i store deler av kampen, og det er nærmast eit under at laget berre leia 1-0 til pause. Det var til gjengjeld ei skåring etter eit veldig flott angrep som vart avslutta med at Ingmar Hoen Tjore kom opp frå backplass og la inn til Magnus Sundsøy som sette ballen i mål.
I starten av 2. omgang vart Radøy litt mindre tøffe i duellane og ørlite grann passive. Det var nok til at Bergen Nord 2 kom høgare opp på bana, men framleis var det Radøy som hadde eit overtak. Ut av nesten ingen ting havna ein ball framfor føtene på ein Bergen Nord-spiss som utlikna. Etter to brente gigantsjansar av Radøy fekk Bergen Nord 2 sendt avstad eit langskot som enda i stonga og inn. Dermed kom Radøy under 2-1. Ti minutt før slutt fekk Radøy endeleg løn for strevet og Morten Helland fekk sett ballen i nettet frå kort hald etter retur på ein dødball. Radøy trykte voldsomt på siste del av kampen, men det vart med dei to måla.
Bilettekst: Det vart ny skåring på Magnus Sundsøy i helga.