[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

ENDELEG for Radøy 2

Forfatter: Konrad Risnes

16. juni 2024

Forside
News article image

Første trepoengar for Radøy 2 i 6. divisjon kom i siste seriekamp i lokaloppgjeret mot Kvernbit 2.

Kampen enda 4-3 til heimelaget i ein frå Radøy sitt synspunkt unødvendig spennande kamp. På eit tidspunkt såg det ut som at heimelaget hadde god kontroll på stillinga 3-1, men enkle feil førte til at Kvernbit utlikna til 3-3 etter dryge kvarteret i 2. omgang.

1-0 kom etter berre to minutt i kampen. Kaptein Even Rikstad sende i veg eit knallhardt frispark frå rundt 25 meter og rett i mål. Rikstad er endeleg tilbake etter ein langvarig ankelskade og kvitterte med ein god kamp så lenge kreftene heldt. Han auka til 2-0 på same vis ti minutt seinare. Kvernbit reduserte med eit langskot etter dryge halvtimen. Men Radøy burde hatt ei skåring til i den perioden. Berre to minutt seinare auka Radøy til 3-1 etter flott klikk klakk-spel framfor Kvernbit sitt mål. Målskårar var Aleksander Grindheim som er tilbake i vår etter å ha vore vekke eit par år på grunn av studier.

Det såg dermed greitt ut for Radøy då laga gjekk til pause. Men som i fleire kampar før denne sesongen måtte den eine etter andre ut tomme for krefter eller med småskadar. Dermed tok Kvernbit meir over. Det enda med to kjappe skåringar til gjestane 7 og 18 minutt ut i 2. omgang - først eit langskot frå ca 35 meter og så eter skikkeleg rot i Radøy-forsvaret. Dermed 3-3.

Kvernbit hadde då teke over styringa i kampen, men Radøy-spelarane gav ikkje opp. Heimelaget sin store spelar i denne kampen, Antonio Cardeaal, var farleg fleire gongar på corner. Berre ein god Kvernbit-keeper hindra to headingar frå den storvokste spelaren frå å gå i mål. Medan det såg litt mørkt ut for heimelaget var det nettopp Cardeaal som fekk putta ballen i mål etter ein dødballsituasjon. Han herja og kontrollerte luftrommet i begge boksane i heile kampen og slo også gode ballar ut av pressa situasjonar. Dei siste minutta var det svært spennande og dommaren la til svært mykje, men til slutt kunne altså Radøy 2 juble for alle poenga.

Radøy ligg no nest sist med berre 5 poeng etter halvspelt sesong. Manglande oppmøte på trening og kamp har ført til svært varierande resultat. Laget har også hatt skadar på fleire sentrale spelarar. At Eskil Marøy klarte å spele mesteparten av denne kampen var ein viktig grunn til sigeren. Han har slitt med lysken heile vårsesongen og er svært viktig for dette laget. Radøy har i tillegg rota bort sigrane mot slutten av minst tre kampar i vår. Men med denne sigeren er det framleis håp om å sikre fornya kontratakt i 6. divisjon. 

Fototekst: F.v. Even Rikstad skåra 2, Antonia Cardeaal 1 og Aleksander Grindheim 1.