[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Tarjei gjorde hat-trick

Forfatter: Konrad Risnes

05. juni 2023

Forside
News article image

Tarjei Valdersnes (16) herja med godt vaksne stopparar frå Kvernbit for 6. div. laget søndag og gav seg ikkje før han hadde sett tre ballar i nota. Radøy 2 vann kampen 6-1.

Radøy hadde stort sett god kontroll i denne kampen utan å få til det aller beste spelet. Men glimtvis fungerte det svært bra. Sander Lunde skåra første målet etter 11 minutt. Tarjei la på til 2-0 i det 21. minutt og Eskil Marøy auka til 3-0 få minutt etter. Då såg det veldig trygt ut for radværingane. Men Kvernbit reduserte ti minutt før pause og kampen var langt frå avgjort.

Men så var det denne 16-åringen då. Han putta to raske mål kort tid etter kvilen og dermed var det heile avgjort. Eskil Marøy auka på til 6-1 kvarteret før slutt og dermed vann Radøy 6-1 i solskinet på ei strøken grasbane på Bø.

Radøy ligg no på 4. plass berre to poeng bak tabelltoar Masfjord/Gulen som ligg an til opprykk. Radøy møter dei på bortebane alt neste laurdag - og då får Radøy 2 for alvor vist kva som bur i dette laget.

Fototekst: Unge Tarjei Valdersnes gjorde hat-trick for 6. divisjonslaget på Bø-graset søndag.

Teks og bilde Jon Halstein