[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

5. div: A-laget på 4. plass

Forfatter: Konrad Risnes

06. september 2024

Forside
News article image


Med 3-2-siger heime mot Minde fredag ligg A-laget på 4. plass i 5. divisjon. Med det retta dei opp igjen fadesen frå 7-1 tapet borte mot Baune førre helg.

Smått utruleg var pauseresultatet 1-1 på fredag. Radøy var klart best og skapte fleire veldig stor sjansar. Men det vart med det eine målet for heimelaget - eit flott innlegg fra Sander Rath som unge Isak Friis Thomassen sette sikkert i mål. Utan å ha skapt ein einaste målsjanse i 1. omgang klarte Minde å utlikne med eit flott langskot der Radøy-spelarane gløymde å gå opp i press.

Minde var litt betre i andre omgang, men også då utan å skape noko veldig farleg før siste kvarteret. Radøy gjekk også opp i 2-1 leiing då storskårar Sander Rath ein halvtime ut i omgangen vart spelt gjennom, sprang frå forsvaret og skåra sikkert åleine med keeper. Men i staden for å sikre det heile inn rota Radøy det til siste kvarteret. Minde pressa høgare og Radøy gjorde feil på feil. Det enda med utlikning for Minde knappe 10 min før slutt. Men då det såg som mørkast ut tok Sander Rath ansvar omtrent på eigahand og fastsette sluttresultatet til 3-2 godt og vel på overtid.

Loddefjord 2 droppa å stille til kamp for andre gong i år førre helg og er dermed ute av sesongen og rykker ned til 6. div. neste år. Radøy var eitt av få lag som har tapt mot Loddefjord 2 i år - i og med at dei i kampen mot Radøy stilte med fleire 3. divisjonsspelarar frå Loddefjord 1. Dette betyr at Radøy får nulla ut det tapet og dei fleste andre lag tapar poenga dei vann mot Loddefjord 2. 

Radøy spelte elles uavgjort i ballsparkcupen mot tabelleiar i 5. div. avd. 1, Trott/Solid/Stord 2, onsdag i førre veke. Radværingane vart slegne ut på straffespark, men dette var uansett ein bra prestasjon etter ei svært lang reise i midtveka.
Neste fredag møter Radøy Kvernbit på Fossemyra. Kvernbit ligg på plassen over på tabellen.

I årets sesong har Radøy skåra like mange mål som dei som ligg heilt i toppen av tabellen. Men samstundes har laget sleppt inn like mange mål som dei som ligg blant dei siste på tabellen. Klarar ein å tette igjen bak kan det altså bli ei spennande avslutning på sesongen.

Bilettekst: Sander Rath (t.h) held fram med å bøtte inn mål - 2 i denne kampen pluss ein assist. Unge Isak Friis Thomassen er tilbake på skåringssporet etter ein langvarig låskade i vårsesongen og skåra første målet for heimelaget.