[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Flott fotball laurdag for J17 og herrelaget i 4 div.

Forfatter: Konrad Risnes

20. august 2023

Forside
News article image

J17 tok turen til Odda og kamp mot Odda mens senior herrer tok turen til Hald og kamp mot Sund

Første høstkamp for J17 borte mot Odda 9’er blei ein spennende kamp.

1. omg viste at jentene har trent godt i sommer. Mykje fint spel, gode dueller og mange sjanser gjorde at det var fullt fortjent med 0-2 til pause etter scoringer av Carolina og Andrea. 2. omg tok Odda over initiativet og Radøy virka litt fornøyd med det som var prestert i 1. omg. Odda reduserte til 1-2, men skapte ikkje så mykje meir enn halvsjanser resten av kampen med unntak av et skudd som Rikke redda mesterlig.

Radøy var farlig frempå med et par kontringer og et straffespark, men kampen ebba ut med 1-2 og høsten starta dermed bra for J17.

Så hadde A-laget i 4 div ein svært viktig bortekamp.

Radøy vann 4-1 borte mot Sund laurdag og kom seg med det eit stykke oppover på tabellen.

Dette var ein viktig siger då Sund til no, på lik linje med Radøy, kjempar i nedste delen av tabellen. Radøy gjekk til denne kampen med eit halvt lag langtidsskada, på jobbreise eller soning for gult kort. Men resten av den tynne stallen gjorde jobben og vel så det og sikra tre poeng etter ein solid siger på Sotra.

Ritvars Rugins var tilbake etter soning for gule kort i denne kampen, Espen Lilletveit er tilbake på a-laget i haust og gjorde ein solid figur som midtstoppar saman med makkar Kasper Hodne Feyling, Ruben Vågenes er eit verkeleg friskt pust etter to år i Bremanger og unge Nurdin Jallo Jamboria har teke plassen mellom stengene som om han ikkje har gjort noko anna dei siste åra. Tage Grindheim fekk også sin debut på tampen i denne kampen.

Radøy tok leiinga ved Espen Lilletveit berre to minutt ut i kampen etter ein corner. Deretter låg Radøy samla og hindra Sunda å skape noko som helst, medan Radøy var farleg framme på fleire kontringar. Sund utlikna kort tid før pause etter ein offside. Linjemannen vinka for offside, men dommaren overstyrte linjemannen og meinte truleg som einaste på bana at det var eit tilbakespel, noko som naturleg nok skapte enorme diskusjonar. Det var elles ein god del merkelege dommaravgjerder i denne kampen.

Etter pause var kampbiletet omlag det same. Inge Johan Hella kom inn igjen ei stund ut i omgangen og Sander Rath gjekk etter kvart på kant. Han slo inn fleire gode innlegg som førte til store sjansar. Eitt av dei sette Inge Johan Hella i mål og eit anna mål skåra Ivan Stautland Valdersnes på. På overtid skåra Inge Johan sitt andre åleine med keeper tre minutt på overtid og dermed var det glade radværingar i bilane på returen over Sotrabrua laurdag kveld.

Målskårarane: F.v. Ivan Stautland Valdersnes, Inge Johan Hella (2) og Espen Lilletveit.


Tekst Sindre Marøy og Jon Halstein Tjore.