[email protected]


Logo
Manger cup 2026

Radøy Fotballklubb -Endeleg NFF Kvalitetsklubb!

Forfatter: Radøy FK

29. oktober 2026

Forside
News article image

I går feira me i Radøy FK at me har vorte sertifisert kvalitetsklubb.

Det har vore ein lang og omstendeleg prosess, og det er lagt ned mange dugnadstimar. Forenkla sagt, er kvalitetsklubb eit slags kvalitetsikringssystem der ein får sett alt av rutinar, planar og rollebeskrivingar i system. 
Me har samla alt dette arbeidet i klubbhandboka, som er tilgjengeleg på heimesida til klubben. Her kan ein finne t.d all kontaktinformasjon, alle rutinar, den nye sportsplanen, beredskapsplan, etiske retningslinjer og mykje meir. Alt som er utarbeidd er gjort med grunnlag i verdiane våre: "Samhald, respekt, utvikling og mot", samt NFF sin visjon "Flest mogleg, lengst mogleg, best mogleg"Me trur at dette er eit viktig redskap for å behalde breidden og tilbodet i klubben, slik at både nye og erfarne fotballspelarar får ta del i det gode fotballmiljøet vårt, og ta del i ein organisasjon, der det er høg kvalitet på alt i frå treningar til styrearbeid.Hendinga vart markert med kake på Radøy Ungdomsskule, der rettleiaren vår frå NFF Hordaland Rolf Andre Rasmussen, samt styreleiar i kretsen Tor Martin Misund deltok.Rolf Andre har vore ein uvurderleg ressurs i arbeidet fram mot dette, og me vil rette ei stor takk til han for hjelp og støtte.I talane frå NFF-representantane hausta Radøy FK mykje ros for innsatsen som er lagt ned i arbeidet, og me kan - i all beskjedenhet- nemne at Rolf Andre slo fast at prosessen med Radøy FK utan samanlikning har vore det beste kvalitetsklubbforløpet han har vore med på.
Dei understreka også at sjølv om det allereie er lagt ned mykje arbeid, så er det NO jobben byrjar- med å implementere kvalitetsarbeidet i alle ledd. Og det er heile klubben si oppgåve.Radøy FK takkar alle som har vore involverte, og vonar heile klubben tek del i arbeidet vidare, slik at me kan skape gode opplevingar og idrettsglede for alle!Og så vil me oppmode alle til å ta ein kikk på heimesida og klubbhandboka!
Sjå meir her