[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

2 "Bøtte" med heim til Radøy

Forfatter: Konrad Risnes

27. mars 2023

Forside
News article image

45 - 50 Radværinga har i helga vore på Zinken Cup i Odda

J 13 og G13 har i helga vore på Cup i Odda.

Etter puljespelet var J 13 på 4 plass etter 2 uavgjorte og 1 siger mens G 13 enda på 3 plass etter 2 sigra og ett tap.

Begge laga måtte dermed i kvartfinale Søndagsformiddag:

Der møtte J 13 Harding som dei slo 1-0.

G13 Møtte Etne Som dei slo 4-2

Semifinaler:

I semifinalen måtte J 13 ut i straffekonk mot Haugar 2. Denne vann J 13 altså 2-1. I innledande runde vart det 1 - 1 mot Haugar 2.

G 13 Møtte Odda i semifinalen, denne vann man overbevisande 5 - 0.

Finaler:

Finalane hadde avspark samstundes på kvar sin halvdel på Odda Stadion.

Trenara og innbyttara stod rygg mot rygg på midten, nervøs til tusen men med trua på att dette skal me klara.

J 13 møtte Haugar 1 frå Haugesund, som dei i innledande runde spelte 0 - 0 mot. G 13 spelte mot Solnut, eit lokalt lag frå Ullensvang som slo oss i innleiande runder med 2 - 0

Begge kampane gjekk til ekstraomganger, J 13 med 0 - 0 og G 13 med 1 - 1.

Etter nerverpirrande 2x5minutt og scoringer av Hedda på J 13 og Noah på G 13 var det stor stemning blant mange tilreisande radværinga.

Hedda og Noah vart av ein jury kåra til finalens beste spelar Men samtlege spelara har bidratt til att me kunne ta med oss GULLET heim til Radøy.