Manger cup
Full pott på heimebane
Forfatter: Vegard Solsletten
16. juni 2022
Forside
Onsdag møtte juniorane Flaktveit til siste heimekamp for vårsesongen.
Det endte på same måte som dei andre heimekampane denne våren.
Kampen starta litt rufsete, men etterkvart kom spelet til heimelaget seg. Kanskje lite grastrening før kampen må ta litt av skulda for det.
3-1 til pause vart til 5-1 før dommaren blas av.
- Flaktveit trua oss innimellom når vi vart 10 mann midt i andre omgang, men då jobba gutta enda meir og vi tok 3 nye poeng. No gjenstår kun Bergen Nord på Salhus før vårsesongen er over, meldes det frå trenarbenken.
Før den siste kampen i vårsesongen ligg Radøy FK sine juniorar på toppen av tabellen i si avdeling.