[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Stjerne cup innlandet

Forfatter: Konrad Risnes

05. september 2024

Forside
News article image

I samarbeid med Austrheim Idrettslag og Fotballklubben Bergen Nord stilt Radøy med eit lag i G14 klassen på Stjerne cup på Hamar i helga.

14 spillere reiste på Fredag til Hamar for å delta på Stjerne cup 2024.

laget som bestod av spillere frå Fotballklubben Bergen Nord, Austrheim idrettslag og Radøy FK var påmeldt på nivå 2.


Da mange av spillere deltar på fleire lag i fleire årsklasser var det vanskeleg å finne plass til trening og kamp på forhånd der man kunne møtes for å bli litt kjent. 

Men da alle spillere var samlet i klasserommet på kvar sin madrass gjekk det ikkje mange minutt før man tenkte att desse har kjent kvarandre i mange år.


Lørdagen startet med vekking kl 0615 og frokost før det var avreise til Romedal stadion og første kamp kl 08 00 mot Skedsmo. 

Vi var einige om høgt press fra start av, som resulterte i 1 - 0 heilt i starten av kampen. 

Vi vann denne kampen tilslutt 3-0 på ei grasbane med litt høgt gras.


Neste kamp var på samme bane kl 12.10 mot Kolstad Fotball.

Vi såg ingen grunn til å endre på oppskrifta så høgt press fra start resulterte i tidlig mål her og (før minuttet).

Denne kampen vann vi tilslutt 5-2. Kolstad scora på eit straffe (hands) og ein kanon av eit frispark fra 18-20 m. rett i vinkelen. Fantastisk flott mål!


Kamp nr 3 Lørdag var mot selveste Enga (VIF) kl 1440 på samme bane.

Som i de 2 foregående kamper var det rett i strupen på VIF og 1-0 før minuttet var passert.

No hadde vi virkelig blitt vant til å spille på grasbane med litt høgt gras så no var det brassespark og heil volley som strauk stengene.

Tilslutt stode det 8-0.


Dermed ender Lørdagen med at vi er klar for A-sluttspillet som nest beste første lag av samtlige vinner av puljer med 9 poeng og 14 pluss mål.

Eidsvåg vart beste første lag med 9 poeng og 16 pluss mål. 


Søndag var det klart for kvartfinale mot Vind Il kl 08 00 på Løten Stadion. Ei flott og stor grasbane som innbydde til flott ein "tøtsj" fotball.

Vind Il er fra Gjøvik og kan då reknast som ett lokalt lag.

Oppskrifta var klar, høgt press fra start noko som her og resulterte i eit kjappt mål.

På denne bana likte me oss svært godt og me vann tilslutt 5-1. Vind sitt mål kom etter litt klabb og babb i 5 meteren der ei lang tå sendte ballen i mål.


Med den seieren er me klar for semifinale mot Fjellhamar 1 på same stadion men ei anna og mykje mindre grasbane.

Fjellhamar er ifrå Lørenskog.

Denne kampen vart lite fintspel pga lita og ikkje den beste grasbana. Men det hindra ikkje ein av spissane våre å lobba ballen elegant over keeper og i mål til ellevil jubel blant tilreisande supportera som hadde fått beskjed om å rensa strupen då her var eindel tilreisande Fjellhamar supporterar. Utover kampen vart det meir og meir stilt frå dei mens me hadde meir å jubla for då det kom eit mål til slik at me vann til slutt 2-0.

Custom image


Då var det klart for finale mot sjølvaste Hønefoss i finalen på Fart stadion kl 1620.

Innmarsj

Hønefoss er eit lag som Radøy sitt G14 lag spelte mot i 8 delsfinalen i Norway cup for ein knapp månad sidan. Ein kamp Radøy G14 vann 1- 0. 

Denne finalen var jevn, nervøs og mange slitne bein slik ein finale ofte er. Me hadde 2 store sjanser i 1 omgang til å opne målkontoen men det stod 0 - 0 til pause.

Etter pause hadde tilskuerane knappt fått satt seg ned igjen før Henrik blir spelt fri av Håkon og elegant sette ballen i mål frå hjørne av 5 meteren til 1-0 etter ca 1 minutt av 2 omg.

Etter ca 9-10 minutt så snapper Mads opp ei blokkering av ett skudd og pirker inn 2-0 til oss, noko som og blir sluttresultatet.

Føler att me har full kontroll og vinn fult fortjent. 


Det blei ganske seint da premieutdeling var ferdig ca kl 18 og man hadde 7-8 timers kjøring framfor seg. 

Men alle var smilande og fornøyd med helga.


Måten spillerene oppførere seg ovenfor lagkamerater, motstandere, dommere, trenere er eksempel til etterfølgelse. 

Ingen syting og klaging på dommere, ingen hoing og skriking på motspillere ja til og med bosset blir kastet der det skal.


Det samholdet og resultatet som denne turnering har vist, viser att man ilag på tverrs av klubber og lag kan få til noko som man kan bygge videre på.

Her er det skapt mange og gode minner. 

Custom image


Denne gangen deltok man under Radøy FK med Ståle Villanger og Konrad Risnes som heldige trenere som har blitt kjent med mange nye flotte, unge mennesker, neste gang kan det vere Austrheim eller Bergen Nord.


Det har og vore 2 fra Radøy med på NBK sitt G13 lag denne helga, dei vann D sluttspillet i eliteklassen.

Om 2 veker er det Jenter fra Radøy med på NBK sitt J14 lag.


Foto: Christer Omdal

Tekst. Konrad Risnes