Nytt trenarteam i Radøy FK
Forfatter: Konrad Risnes
09. november 2023
Radøy FK sitt a-lag får nytt trenarteam før sesongen 2024 her med Sportsleg leiar Frode Myking.
Hovudtrenar blir Geir Atle Osa som har vore ein av dei mest sentrale spelarane i klubben gjennom historia. Midtbanegeneralen har også spelt på NBK og vore trenar for aldersinndelte lag i NBK etter at han flytta til Hilland. Hjelpetrenar blir Thomas Rønn-Aar. Han er frå Austlandet men har budd på Seim i mange år. Thomas har spelarerfaring frå mellom anna Eik-Tønsberg på nivå 2 i norsk fotball og har også vore trenar saman med Geir Atle for aldersinndelte lag i NBK. Styret er svært nøgde med det nye trenarteamet
Styret vil også takke Ola Jøsendal som takka for seg etter tre sesongar som hovudtrenar. Han leia laget gjennom ei svært krevjande tid med nedstenging under pandemien og tok laget opp i 4. divisjon førre sesong. Vi takkar også Arild Mørk for svært viktige bidrag under årets sesong.
Støtteapparat rundt a-laget blir Oddvar Haukeland, Frank Rath, Øyvind Skutle og Jon Halstein Tjore som dei siste sesongane. Det skal også ein keepertrenar på plass.
A-laget rykka som kjent ned til 5. divisjon etter årets sesong. Med det nye trenarteamet meiner styret at grunnlaget er lagt for at Radøy skal bite godt frå seg i komande sesong