[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Braksiger til A-laget

Forfatter: Konrad Risnes

03. juni 2023

Forside
News article image

Radøy FK sitt 4. divisjonslag slo til med ein 5-0 siger på Sletta laurdag mot Trio etter det flaue 6-0 tapet mot Voss førre helg. Radøy løfta seg mange hakk i denne kampen der særleg Steffen Haukeland tok tak med to skåringar og Ritvars Rugins med ein veldig god kamp

Det er litt berg-og-dal-bane i denne pulja, bortsett frå Askøy som ser ut til å halde stø kurs mot opprykk tett følgd av Arna Bjørnar som Radøy spelte uavgjort mot for to veker sidan. Blant laga som vekslar mest i prestasjonar er det nyopprykka Radøy-laget.

Kampen mot Trio stod og vippa ei stund. Radøy sleit litt med Trio sine langballar og dei kom til fleire store sjansar etter innlegg. Men etter eit knapt kvarter hadde Radøy eit flott angrep med innlegg frå venstre som Preben Mongstad Juvik sett sikkert i mål. Etter ein dryg halvtime var forårets storskårar Sander Rath på raid og auka leiinga til 2-0. Mot slutten av omgangen pressa Trio på for ei redusering. Radøy held unna men det var nære på.

I andre omgang tok Radøy litt over styringa igjen frå start. Om fem minutt ut i omgangen fekk Steffen Haukeland avslutta med eit skot og auka leiinga til 3-0. Då fall Trio litt saman og berre eit par minutt seinare auka Morten Mangerøy Helland leiinga til 4-0. 20 minutt før slutt vart Ritvars Rugins felt innanfor 16-meteren. Straffen sette Steffen sikkert i mål.

Bilettekst: Steffen Haukeland scora to mål i denne kampen og laget kunne juble for storsiger mot Trio.