[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Siger og uavgjort for juniorane

Forfatter: Vegard Solsletten

04. mai 2022

Forside
News article image

Juniorlaget spelte 3-3 mot Nymark2 tysdag i den andre kampen i vårsesongen. I den første kampen vart det siger.

Forrige veke var det seriestart for juniorlaget, då dei tok imot Tertnes2 på Hordbø kunstgras. Etter ein nervøs start tok juniorane over meir og meir, og kampen endte med ein velfortent 4-2-siger.

Tysdag denne veka var laget på Nymark kor motstandar var Nymark2. Det vart ein tett kamp, som bølga fram og tilbake. Etter sjansane hadde det vore fortent med Radøy-siger, men det ville seg ikkje heilt denne gongen. Det endte til slutt 3-3, etter eit straffespark til Radøy i siste speleminutt.

Neste kamp for juniorane er heime mot Kjøkkelvik/Olsvik1 på Hordabø tysdag den 10. mai kl. 20.00. Det vert enten på gras eller kunstgras.

Custom image

(Begge foto: Johnny Saltnes)