[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Uavgjort for A-laget

Forfatter: Konrad Risnes

13. april 2024

Forside
News article image

Radøy sitt A-lag for menn spelte uavgjort 2-2 mot Baune i sin andre seriekamp i år og har dermed fire poeng.

Kampen starta med eit baklengsmål etter berre fem minutt på noko som truleg var ein innøvd corner. Radøy tok deretter over meir og meir av spelet og fekk utteljing i det 28. og 29. minutt. Det høge presset førte til at gjestrane gjorde feil og begge måla vart skåra av Alexander Valdersnes. I det siste vart han spelt fri av Sander Rath og kunne setje ballen enkelt i det tomme målet frå to meters hald. Mot slutten av omgangen stressa Radøy meir men kunne gå til pause med 2-1 leiing.

I andre omgang spelte Baune ein heilt ekstrem langballsfotball og pumpa langballar opp mot angriparane frå back og midtstopparar. Dette takla Radøy nokså dårleg og vart springane med nasa mot eige mål gong etter gong. Det enda i ein mengde hjørnespark til gjestane og på eitt av dei sleit Radøy med klarering og gjestane utlikna. Ved eitt tilfelle redda også keeper Nurdin Jallo Jamboria som siste skanse. Radøy klarte ikkje sjølv å slå presise nok ballar opp mot eigne angriparar, men hadde i alle fall èin gigantsjanse. Sander Rath kom laus på kant og slo ein flat ball inn mellom forsvaret og keeper. Berre eit par cm mangla på at Simon Morken fekk tuppa ballen i mål.

Det var ingen stor kamp verken frå Baune eller Radøy - men begge lag vart vel totalt sånn passeleg misnøgde med poengdelinga.  

Bilettekst: Alexander Valdersnes skåra to i denne kampen også - og har dermed tre mål på to kampar.