[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Begge Herrelaga gjekk på tap

Forfatter: Konrad Risnes

10. juni 2023

Forside
News article image

A-laget gjekk frå 5-0 siger heime førre helg til 0-4 tap borte mot Osterøy.
Andre laget rauk 4-1 for Masfjord/Gulen borte.

Laget synest å vere veldig påverka av fråver av spelarar og trivest tydelegvis langt betre på heimegras på Sletta enn borte på kunstgras. Denne gongen var midtbaneanker Steffen Haukeland vekke og i løpet av første omgang måtte tre spelarar til frå start-11aren takke for seg på grunn av skade.

Fredag opna det som om dette skulle verte ein tett og jevn kamp. Radøy var klar med på notane og skapte sjansar på linje med Osterøy. Osterøy var gode med ball og etter kvart fekk dei tredd ball etter ball gjennom Radøy sitt både første og andreledd. Eit stygt balltap langt inne på eigen halvdel hjå Radøy gjorde at heimelaget skåra sit første mål etter 22 minutt. Radøy verka då litt rysta, men var framleis fullt med på notane. Så fekk Osterøy eit uforståeleg straffespark i ein rein duell og gjekk opp til 2-0. Også i denne kampen fekk altså Radøy ei merkeleg dommaravgjerd mot seg. Deretter såg det ut som om Radøy mista litt trua på det og det minka på presset, strukturen og kloke avgjerder. Rivars Rugins fekk også eit gult kort og fekk i same situasjonen ein alboge i munnen og måtte på tannlegevakten for å redde tennene i pausen. Rett før pause auka Osterøy leiinga til 3-0.

Med 3-0 til pause roa det seg i andre omgang men Osterøy fekk sett ein ball til i maskene før radværingane kunne kjøre heim igjen.
Dette er tredje gongen a-laget går på eit stortap borte denne sesongen.

-------------

Tap også for Radøy 2
Radøy 2 reiste til Masfjorden for å bryne seg på tabelltoar Masfjord/Gulen. Det enda med 4-1 tap.

Radværingane møtte med ein stor tropp, men fekk avbod i sist liten som gjorde at dei måtte stille utan keeper. Utespelaren i mål hadde eit uhell etter berre 1 minutt - 1-0. Men Radøy utlikna berre fem minutt seinare ved Even Rikstad etter eit flott angrep. Radøy var det klart leiande laget i første omgang sjølv om Masfjorden kom meir med siste kvarteret. Noko som snudde kampen var at Simon Morken måtte nok ein gong ut med strekk - han truga Masfjord-forsvaret gong etter gong før skaden. Omgangen enda 1-1.

I andre omgang mista Radøy overtaket og Masfjorden gjekk opp til 2-1 berre fire minutt ut i omgangen. Deretter gjekk det litt fram og tilbake kven som hadde leiinga på kampen, men det bikka mest i Masfjorden sin favør. Espen Urhug fekk sitt andre gule kort fem minutt før full tid og kort tid etter skåra Masfjorden sitt tredje mål på eit flott frispark. Radøy prøvde å presse på mot slutten av kampen, men i staden auka Masfjorden leiinga til 4-1 før dommaren blåste i fløyta for siste gong.


Tekst Jon Halstein Tjore og bilete frå kampen mot Trio