Endelig seier for G-15 laget.
Forfatter: Tore Hella
27. oktober 2022
Etter etter ein god vårsesong i andre divisjon, har haust sesongen for G-15 så lagt vært stang ut. Det har ikkje gått gutta sin vei i haust med nokre sure tap, så det var godt å få ein velfortjent seier igjen.
Laget som hadde stor suksess i Norway cup, har ledet i 4 av 5 kamper, men gått på fleire uheldige tap. Laget har ein liten tropp og er utsatt for skader, noko vi dessverre har hatt ein del av i haust.
Bilde av målskårarane, Isak Johan Friis Thomassen (2) og Tarjei Valdersnes.
G-15 laget, som spelar i andre divisjon, består av spelara fødd i 2007, 08 og 06. Stammen i laget består av spelara i 2007, som har holdt sammen siden dei var miniputt.
Kampen mot Vadmyra åpnet i stor tempo og Radøy hadde to stolpetreff tidlig i kampen. Mot spelets gang scoret Vadmyra på ein kontring. Gleda var stor da Radøy utliknet rett før pause med eit kanon-skudd av Tarjei Valdersnes. Vadmyra spelara prøvde med alle midler å stoppe Tarjei på vei framover, før han limte ballen oppi krysset. Nevnte Valdersnes har allerede debutert og skåret på 6 divisjons laget til Radøy FK, og det blir spennande å sjå om han kan spela seg inn i troppen til 4 divisjons laget vårt.
2 omgang startet med at Vadmyra gjekk opp i ledelsen, noko som var ein skikkeleg kalddusj. Spelet bølga no fram og tilbake, men etterkvart tok Radøy igjen tak i kampen og fortsatte å skape mange sjanser. Blant annet satte Sjur-Markus Ulvatn Grindheim ballen kaldt i mål etter pasning fra Tarjei, men målet blei uforståelig annullert på grunn av offside. Det er gledelig å sjå at unge lovande Grindheim er tilbake for fult på bana etter det stygge beinbruddet han pådrog seg i leggen, i kamp nummer tre i vår. Før den stygge skaden hadde han åtte (8!) mål på sine tre første kamper før skaden.
Sjølv med mange sjanser klarte ikkje Radøy å utlignet før det var bare 10 minutt igjen av kampen. Isak Johan Friis Thomassen sneik seg klar av oppasseren sin i feltet og headet inn utligninga på ein av Radøy sine mange cornere. Laget fekk då blod på tann og dominerte kampen, så det var fult fortjent da Isak igjen scoret, etter å løp fra forsvaret og kriga inn vinnermålet fem minutt før slutt. Stor glede blant både tilreisende supportarar og trenarar på benken. Sjølv om Radøy vann sjansestatistikken stort, så har ikkje laget hatt marginene med seg i høst. Da smaker det ekstra godt med ein seier igjen. Grunnlaget for seieren er gjeng oppofrende spelarar som jobbar knallhardt for kvarandre. Da lika vi!
Den talentfulle 2007 gjengen består av:
Martin Taule Måge
Marius Grindheim Håland
Ruben Hole Tveiten
Sjur-Markus Ulvatn Grindheim
Anders Kalnes
Tommy (Thomas) James Farrow
Isak Johan Friis Thomassen
Erland Soldal Sæbø
Johannes Blommedal Båtnes
Anders Kolstad Murberg
I år har dei fått med tre spelara fødd i 2008 (Lucas Andre Thomassen Veland, Nikolai Askeland Borge og Markus Hella), som spelar fast, og Christian Joriel M. Bautista (08) og Sebastian Leander Waagenes (09) som er med i troppen når dei ikkje har kamp sjølv.
Dei på laget, som er fødd i 2006, som har fått dispensasjon for å spela er Magnus Villanger, Mathias Lavik Sæle og Tarjei Valdersnes.