Kjekk helg på Voss Cup
Forfatter: Konrad Risnes
13. juni 2022
J12 og G12 har hatt ei herleg fotballhelg på Voss Cup
Me var 4 lag frå Radøy FK som reiste til Voss på Voss cup i helga.
Å endeleg å kunna reisa på overnattings cup er nok noko som både unger og voksne har savna for det var topp stemning blant alle.
Å reisa på tur med denne gjengen var utruleg kjekt for oss voksne.
Det var eit godt samhold mellom laga. Både jenter og gutter var opptatt av kortid dei forskjellige kampane til Radøy sine lag var sånn att dei fekk sett dei, heia på kvarandre og sunge kampsang.
Sjølv om det etterkvart vart regn og baner vart litt tunge så var laga ifrå Radøy tydlege på att me skal ikke spela noko "kick and run" fotball, me speler oss ut bak ifrå via midtbana og fram med smarte passninger og gode bevegelser og Ikkje minst mange fine mål.
Det er nok mange som var på Voss Cup som fekk med seg kampropet som var etter våre kamper, enkelte ganger førte det til att neste kamp ikkje kom i gang med ein gang men det fekk stå sin prøve..
Sjå video på linken under.
På Voss å i Bergen lure di på......
Lagbilde J12