[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

A-laget på sporet igjen

Forfatter: Konrad Risnes

28. august 2022

Forside
News article image

Radøy FK tok ein solid 3-1 siger opprykkskandidat Trane fredag.

Sigeren kom etter to sure tap - mot Austrheim siste kamp i juni og mot Kvernbit første kamp i haust. Med sigeren fredag ligg Radøy på andre plass på tabellen - fire poeng bak serieleiar Djerv.

Første omgang fredag var nokså sjansefattig. Spelemessig hadde Radøy imidlertid eit overtak. Laga gjekk til pause med 0-0.

Radøy dominerte stadig meir i andre omgang og i det 53. minutt tok Dennis Padheim Børsheim ned eit flott innlegg frå Sander Rath. Dennis vende flott av eit par spelarar og sette ballen i mål frå 10-12 meter. Eit par minutt seinare vann Radøy nokre duellar mellom 16. meter og sidelinja. Espen Lilletveit fekk med seg ballen inn i felte og sentra til Magnus Sundsøy som sette ballen i nettet.
I det 60. minutt vann Radøy ballen på eigen banehalvdel og fekk kjempa ballen i bakrommet der Chris Lunde kom på løp mot mål. Midstopparen til Trane var for hardhendt i taklinga og det vart dømd straffe. Straffen sette Steffen Haukeland sikket i mål.
Mot slutten trykte Trane på for redusering. Det enda med ei skåring etter ein dødball. Men det vart ingen fleire skåringar og kampen enda 3-1 til heimelaget.

I denne kampen demonstrerte Radøy stor vilje og kamp i duellane, ikkje minst leia av spissen Malik Jallo Jamboria. Malik er tilbake i haust etter ein langvarig skade. Han gjorde ein god kamp og var ein konstant trussel mot stopparane til Trane.

Biledtekst: Det vart nettkjenning til Magnus Sundsøy i 3-1 sigeren mot Trane fredag.