Manger cup
Tre nye poeng på Voss og fortsatt tabelltopp
Forfatter: Konrad Risnes
15. mai 2022
Forside
Radøy tok turen til Voss i dag for kamp mot Voss 2 og alle poenga vart med heimatt
0-1 til Radøy som no toppar tabellen etter fem kampar, to poeng framfor neste lag. Morten Helland skåra frå ca 7 m etter innlegg frå Sander Rath i 1. omgang. Etter ein god første halvtime tok Voss meir over dei 10 siste min. i 1. omgang.
Voss pressa også i starten av 2. omgang før Radøy tok over. Radøy hadde tre-fire store sjansar og Voss ein, men det vart med det eine målet. Siste 10 min var det Hawai-fotball og fleire stopp i spelet pga. skadar. Men Radøy rodde sigeren i land.
Bilete og tekst Jon Halstein Tjore