[email protected]


Logo
Bli medlem
Manger cup

Oppsumering av Norway Cup

Forfatter: Konrad Risnes

14. august 2024

Forside
News article image

Les trenernes oppsummering av årets Norway Cup.
2 lag til A-sluttspelet og 1 lag i semifinale i B-slutspelet.

J19 

J19 ble trukket i ei tøff innledende gruppe med Ranheim, Blindheim og Roterud. Målet for turneringa sportslig var å gjere det betre enn fjoråret. 

Første kamp blei spelt mot Roterud. Ein jamnspelt kamp som begge lag kunne vunnet, men enda 1-1. Mykje god kjemping og delvis bra spel. Ein retur der keeper var langt ute havna i beina på Thea Risnes, som på oppfordring frå heile supportergjengen på Rustad, satt ballen elegant i mål. Blindheim var motstander i kamp nummer to. Jentene kjempar godt gjennom heile kampen og kom seg til nokre sjansar, men Blindheim var eit hakk for gode og det blei et 4-0 tap. Siste innleiande kamp var mot Ranheim. Desse kjende jentene frå i fjor og visste det kom til å bli tøft. Ranheim er nok det beste laget J19 har møtt. Dei spelte veldig god offensiv fotball som Radøy aldri fant ut av. Det enda med eit 9-1 tap som kunne vært verre om ikkje Rikke Bauge hadde vært god bakerst i rekkene. Andrea Marøy scora trøstemålet til Radøy. Nok ein gong kjempa jentene godt. Dette gjorde til at J19 havna på 3. plass i si gruppe og dermed B-sluttspel. I 1/16-finalen var det lokal motstand i Smørås. Denne kampen var Radøy det beste laget og Carolina Hamre sendte Radøy i leiinga i første omgang. Smørås blei kjempa i senk og Symra Elvik satte sikkert inn 2-0. På slutten blei det litt nervøst når Smørås fekk ein redusering, men jentene holdt ut og kjempa seg vidare til 1/8-finale. Der venta sjølvaste arrangørklubben Bækkelaget. Nok ein gang blir det jamnspelt og Radøy tar leiinga ved kaptein Eirin Blomvågnes på ein corner. Bækkelaget får eit uforståelig straffespark som dei utliknar på. Like etter fekk Bækkelaget eit mål til. Jentene jobba godt for å få utlikning, men tross nokre sjansar enda det med tap 2-1. Jentene kan sjå tilbake på ei god turnering med stor forbetring frå fjoråret. Oppførsel på og utanfor bana har vært kjempegod! Oslo viste seg frå si beste side med fantastisk vær. Cupen blei avslutta med ein felles middag på italiensk restaurant med god mat og oppsummering av veka. Det har vært eit strålande samhold i laget og ikkje minst i klubben. 

Alle kampar med Radøy-lag innvolvert føltes som heimekampar. For ein gjeng som har vært samla! Takk for turen, dette er minner for livet! 

Trenarteam. Sindre, Torbjørn, Solveig og Kjetil 

--------------------------------------------------------------------------------------- 

G14 

Radøy G14 sine 16 spelarar hadde ei fantastisk veke i Oslo, både sosialt og sportsleg. 

Sportsleg gjekk det over all forventning, der eventyret blei avslutta med eit 0-2 tap mot sjølvaste Moss i B-sluttspelet sin semifinale. På vegen dit hadde me sendt heim fleire 1. og 2.divisjonslag, som bla Hønefoss, Stabæk og Drøbak- Frogn.  

Det såg også ut til at gutane kosa seg utanfor bana, noko som kanskje er vel så viktig som det sportslege. Mykje av tida gjekk med til å heie på dei 4 andre Radøy- laga, i tillegg til litt restitusjon, byvandring og shopping inni mellom slaga. 

Gutane budde på 4 stk 4-mannsrom, der mykje lått og løye kunne høyrast frå utsida fram til kl 23:00 kvar kveld, når lyset endeleg blei slukt. 

Me trur at Norway cup har vore ei flott oppleving for gutane. Ei oppleving som har knytt enno sterkare band internt i spelargruppa og som gjer laget enno meir homogent, både på kort og lang sikt.  

Me håpar og trur at dette er minner dei tek med seg resten av livet. 

 

Gutane sin eksemplarisk oppførsel, både på og utanfor bana ,heile veka, gjorde at me i trenarteamet reiste særdeles stolte (og litt sliten) heimatt utpå fredagen.  

Mvh 

Tomas, Konrad & Ståle 

------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 

G15 Norway Cup.  

 

Endelig ble drømmen om Norway Cup virkelighet ! Gutta (og foreldre) har jobbet mye dugnad for å få dette til :)  

 

Norway Cup har vært en suksess både med tanke på resultat men også teambuilding for laget vårt, og lagene rundt oss. Vårt høydepunkt i resultat er å slå Vålerenga og komme til A-sluttspill. Alle har bidratt til at dette kommer til å bli gode minner som alle tar med seg videre! 

 

Guttene har oppført seg fantastisk 😍 De har passet på, oppmuntret og trøstet hverandre. Det at 14 tenårings gutter klarer å møte presist til alle samlinger i resepsjonen og til frokost kl.06:30 er fantastisk 🤩 

 

På buss, trikk, fotballbanen og i Oslos gater har denne gjengen (ink noen foreldre ) skapt god stemning med dans og musikk :)  

G15 satte Radøy på kartet 🤩 

Og det var ikke mange som kom hjem igjen med stemme 😅 

For en heiagjeng de er , disse gutta hører du laaang vei ;-)  

#bestioslo 

Trenarteam: Cato, Lars Erik, Hanne og Atle 

----------------------------------------------------------------------------------------- 

G19 

Norway Cup 2024 

No har vi komme heim til den fine øya vår, og tenker på alt vi har vore med på den siste veka. 

Det har vært fantastiske dager med juniorlaget! Det er en flott og sammensveisa gjeng! Dei er inkluderende, har godt humør, er høflige og knallgode fotballspillere et drømmelag! Vi var heldige som fikk låne en kjekk kar fra A-laget, Inge Johan! Kristoffer og Nudde var skadet, og gjorde en formidabel innsats som vann-ansvarlige. Den spesielle saft- og saltblandingen går det rykter om Vi savna dei som ikke kunne vera med- ingen nevnt, ingen glemt men vi får håpe på flere muligheter

Foreldregruppa er og heilt super! Dei har heia fram laget på kampene, vaska drakter, laga reiseruter, bestilt mat, og mye mer «Monsen» har tatt mange gode bilder og delt med oss Takk!! I tillegg var det veldig kjekt å se engasjerte besteforeldre på sidelinja

Eg må og få si hvor heldige vi er; Lene er med som en fantastisk lagleder. Ho sprer godt humør, masserer slitne muskler, lapper sår, kjøper snop og har gode samtaler med både store og små Arild har roen, og er svært god på å finne gode løsninger på vanskelige situasjoner. Han er en taktiker laget treng I tillegg er han god til å sjå kvar enkelt, både spelarar og andre  

Juniorlaget har møtt opp på kamper og støtta dei andre laga frå Radøy på ein strålende måte. Dei er gode forbilder for dei yngre spelarane i klubben. Kan hende dei hadde eit ekstra godt auge til jentelaga, ikkje veit eg… 

Vi kom i ei ekstremt god innledningsgruppe, Ready tapte ikkje ein kamp i Norway cup, og vant finalen mot Sandviken 2-0. Hitra vart slått ut av Sandviken. Vi spelte 1-1 mot Langevåg, som kom heil til finalen i B-sluttspelet. Så eg er utrulig stolt av, og godt fornøyd med prestasjonen til laget  

Heldige oss i trenerteamet som får være sammen med en slik fantastisk ungdomsgjeng  

Bamseklem fra Svein Helge og hans disipler :-) 

------------------------------------------------------------------------------------------------ 

Oppsummering J14 – Norway Cup 2024  

  

Laurdag 31. august sat 16 jenter frå Radøy sitt J14-lag kursen mot hovudstaden i landet vårt. Der venta ei veke med spenning og fotball i verdas største fotballturnering, nemleg Norway Cup. I nærare 1 år hadde me planlagt dette, og det var utnemnt ein eigen arrangementskomité i anledninga. Dei hadde gjort ein fantastisk innsats med både planlegging av dugnader og kvar me skulle overnatte under opphaldet.  

  

Me vart innkvartert på sjølvaste hotell Bondeheimen, eit flott hotell midt i Oslo og med eit passande namn for ein gjeng strilar. Det var ikkje berre J14 som skulle bu på dette hotellet, dei andre Radøy-laga hadde og fått rom i herberget. Saman med foreldre og sysken var talet nær 200 Radværingar som overnatta på same plass.  

  

Me byrja turneringa søndag med kamp på Voldsløkka. Kampen enda med tap 0-3 for eit meget godt KFUM-kam. Rød, som også vann pulja. På mandag tok me trikken til ei godt gøymd grasbane i skogen på nedsida av Ekebergsletta. Her skulle verkeleg laget få sin revansj, og dei gav seg ikkje før Florø FK hadde henta 5 baller ut av nettet. Kampen enda 5-0 til Radøy. På tysdag tok laget turen til Hareløkka kunstgras, der Vind IL venta på andre sida av bana. Kampen var lenge jamn, men med eit overtak både i spel og sjanser til Radøy. Kampen enda fortent 1-0 til Radøy etter scoring i 2. omgang. Seinare same dag venta Randaberg 2 på Lambertseter, ein kamp om 2. plass i gruppa og A-sluttspel.  

Kampen starta bra for Radøy som verka tend og klar for oppgåva, men etter kort tid fekk keeper til Randaberg et illebefinnande og kampen fekk ein lang pause. Opplevinga prega spelarane frå jærlandet såpass at dommaren valde å avslutte kampen etter å ha rådført seg med begge lag sine trenarar. Resultatet var satt til 1-1, noko som gav 2. plass i gruppa og avansement til A-sluttspel for jentene. Det store målet var nådd, og det var ein lykkeleg bande som reiste tilbake til hotellet. På onsdag skulle laget møte Fløy i 1/32-finale på Voldsløkka. Fløy var eit godt lag og vann fortent 2-0. Norway Cup var dermed over for denne gong sportsleg, men jentene var ivrige tilskodarar og heia fram dei andre Radøy-laga som fortsatt var med i turneringa.  

  

Trenarane og støtteapparat på J14 vil takke alle som var med på å gjere denne veka i Oslo til ein stor oppleving for jentene. Sjeldan har eg opplevd eit slikt samhold og støtte på tvers av lag i same klubb. Takk til alle foreldre, sysken, onklar, tanter, besteforeldre og vener som støtta laget vårt og dei andre laga frå sidelinja under alle kampane. Dette gjorde Norway Cup til ei heilt spesiell oppleving for alle som deltok.   

Helsing Sindre, Even, Benedikte og Jannicke  

 

--------------------------------------------------------------------------- 

Sjå video av ein haug med Radøyspelera og supportera samla i ein ring 

Tekst: Dei forskjellige trenere og bilder og video vår egen Lars Monsen (Sondre Villanger Håland )